Tilbake
Siren Lauvdal
Inforseksjonen/Møre og Romsdal fylkeskommune
Skriv ut

Juryen (Hege Haagenrud)

Juryen opnar med ei mystisk scene; to dansarar dansar samtidsdans til vakker musikk med projisert natur som bakteppet.

Med eitt kan vi høyre kviskring, først frå eitt barn, etter kvart kjem det fleire stemmer til: «Hva er det de gjør? Hvorfor gjør de det? Jeg skjønner ingenting!»

Plutseleg kjem det eit barn fram på projeksjonsduken i bakgrunnen, så eitt til og eitt til. Barna stansar framsyninga.

Dei kjem fram til at ettersom dei er barn, og dette er ei barneframsyning, bør dei få lov til å vere med å lage framsyninga.

Barna tek over kontrollen; dei skal lage den optimale framsyninga!

Om dei lukkast vil vi ikkje røpe, men gruppa står ovanfor mange utfordringar. - Korleis skal dei bli samde, dei er jo ikkje einsarta sjølv om dei er barn?

   "Jeg liker vold og blod"
   - Alfred 7 år.

   "Jeg har ikke lyst til å samarbeide med de andre barna, jeg vil bestemme alt selv"
   - Edith 6 år

Framsyninga er støtta av: SPENN, Norsk kulturråd og FFUK

Les omtale av Juryen

Om utøvarar og produsentar

Norsk scenekunstbruk
  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Hege Haagenrud

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Hege Haagenrud er utdanna ved Den Norske Baletthøgskole (94-97) med etterutdanning i moderne dans ved Studio Harmonic i Paris. Ho har arbeidserfaring som dansar, dansepedagog og koreograf.