Tilbake
Skriv ut

Tor med hammaren - Forteljar- og teaterverkstad

På denne verkstaden skal elevane sjølv få utfalde seg og leike med denne energi- og humørfylte historia fra norrøn mytologi.

Vi startar opp med  oppvarmingsleikar for å få opp energien og felles fokus – deretter fortel utøvaren historia om den gangen guden Tor mista hammaren sin.

Saman illustrerar vi historia: fortel, lagar lydkulisser, kor, dans, rytme og teaterimprovisasjonar – alt berre med eigen kropp og stemme.

Til slutt set vi saman det vi har jobba med til ei ny framføring av historia – og den vil vi gjerne vise fram for eit anna klassetrinn!

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Olla Rypdal