Tilbake
Skriv ut

Da klokka klang - Romsdalsmuseet/Molde kulturskole

Skulen for om lag 100 år sidan

Det ligg mange gamle skular rundt omkring i Møre og Romsdal. Ved hjelp av tidsriktige klede og autentiske omgjevnader får elevar og lærarar ta ei reise til ein skulekvardag for om lag hundre år sidan. Ved hjelp av dramatisering, aktivitetar og dialog blir skuledagen fylt med song, lesing og skriving, rekning og frikvarter med leik.

Kva lærte dei for hundre år sidan? Kva var viktig kunnskap då? Kva er viktig kunnskap for oss no og kvifor?

Da klokka klang er eit formidlingsopplegg om kulturarv for 4. - 5.trinn som skal gje elevane forståing av kva rolle skulen har i samfunnet og korleis denne har endra seg over tid. Formidlinga vil skje i den gamle skulen som ligger på Romsdalsmuseet.

Barna skal komme utkledd.

Kulturarvsprosjektet har eigen blogg: http://rettkunnskap.blogspot.com/

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Ein museumspedagog ved Romsdalsmuseet
  • Produsent: Romsdalsmuseet
  • I samarbeid med: Regionmusea i fylket
  • Idé/ opplegg: Romsdalsmuseet

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Ein museumspedagog ved Romsdalsmuseet