Tilbake
Nima Taheri
Skriv ut

Musikkvideoverkstad

Musikkvideoregissøren Nima Taheri og rapartisten Son of light vil i løpet av ei spennande veke arbeide med elevane og lage musikkvideo. Elevane vil få lære dei viktigaste faktorane for å lage ein god musikkvideo gjennom både teori og praksis. Dei skal bruke eigne innspelte låtar eller coverlåtar, planlegge regi, velge locations, stå foran og bak kamera samt redigere sine eigne musikkvideoar.

Elevane vil kunne velge arbeidsoppgåver ut frå kv adei er mest interessert i, og Kultursekken stiller med det tekniske utstyret. I løpet av verkstaden vil mellom anna elevane få sjå film om korleis Nima og Son har arbeidd med Son of lights musikkvideo til låta "Heavy on me", og her får dei mange tips frå prosessen med å lage musikkvideo.

Nima driv sitt eige produksjonsselskap "Niim the Dream productions", og han har regissert musikkvideoar for artistar som Gabrielle, Son of light og Talib Kweli. Son of light var nominert til Spellemann for plata "War of the words" og han er ein av dei mest krediterte rapparane i Noreg. Begge artistane har brei erfaring frå arbeid med ungdom, og Son of light har m.a jobba med rapverkstad gjennom Kultursekken tidlegare.

Verkstaden varer i 5 skoledagar og kvar verkstad kan ha 30 elevar. Elevane vert inndelt i grupper og kvar gruppe skal lage sin eigen musikkvideo. 

Eigenandelen for skolane for 5 dagar med verkstad er 10 000,-. Denne prisen er sterkt subsidiert av Kultursekken og Film og kino.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Produsent: Kultursekken i Møre og Romsdal
  • I samarbeid med: Film og kino og Kultursekken i Møre og Romsdal
  • Idé/ opplegg: Kultursekken og utøvarane

Om kunstnar / utøvar / gruppe