Tilbake
Martin Johansen
Skriv ut

Rapverkstad

Kulturlauget tilbyr rapverkstad med André Hadland og Petter Langfeldt/ Pumba i løpet av skoleåret 2014/2015.

André Hadland eller Son of light har sidan han debuterte med albumet "Deep Green" i 1997 blitt ein av landets mest meritterte rapartistar. Årelangt samarbeid med "norsk hiphops gudfar" Tommy Tee og resten av TeeProductions har tatt han over heile verda med konsertar frå Texas til Moskva.

Med seg som verkstadsleiar har han anten Petter Langfeldt som er rappar i gruppa Vågsbygd Handy eller rapartisten Pumba frå Oslo. Vågsbygd Handy har gitt ut den kritikarroste LPen "Undervannsmusikk" og Petter er utdanna tekstforfattar med erfaring frå m.a kommunikasjonsbyrå. Pumba er i arbeid med ny plate og han har samarbeida med artistar som mellom anna Karpe Diem

Saman med elevane arbeider dei med tekststrategiar, språklege verkemiddel, versskriving, framføring og mykje meir. Fokus i verkstaden er å temme den kreative prosessen og å ha det gøy med musikk. Som resultat av verkstaden vil elevane få låtane dei har laga som lydfiler og dersom elevane ønskar det så kan verkstaden avslutte med live framføring for andre elevar på skolen.

Verkstaden varer i to skoledagar og kostar 8.500,- pr verkstad. For at kvar enkelt elev skal få god oppfølging med skrivearbeidet så er maks antal pr verkstad 15 elevar.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Son of light/Petter Langfeldt/Pumba
  • I samarbeid med: Son of light og Petter Langfeldt

Om kunstnar / utøvar / gruppe