Tilbake
Ingeborg Refsnes
Skriv ut

Det var ein gong - eventyrmusikal - Ålesund kulturskole

I denne verkstaden får elevane ei innføring i musikkteater og eventyr som sjanger. Elevane blir utfordra til å tenke nytt, bruke sin kreativitet og sine evner, sin eigen stemme og sitt instrument til å lage ein eventyrmusikal basert på norske folkeeventyr. På slutten av dag to visast produksjonen for 1. - 2. klassingane.

Lærarrettleiing

Lærar(ane) skal være aktive medhjelparar i og under verkstaden.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Produsent: Ålesund kulturskole
  • Idé/ opplegg: Bente Dyrhaug og Karoline Isaksen, Ålesund kulturskole

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Bente Dyrhaug og Elisabeth Steffenssen er tilsette i Ålesund kulturskole, Bente som treblåslærar/fagottist og Elisabeth som teaterinstruktør ved Jugendteateret. Begge har lang erfaring som utøvande kunstnarar og med bakgrunn m.a. frå musikkteater.

Elevorientering

Fra idé til forestilling

Frå idé til framsyning

Resultatet av to dagar med verkstadjobbing kan gjerne bli vist for medelevar, t.d. dei klassene dei sjølve er fadrar for på 1. og 2. trinn.