Tilbake
Skriv ut

Jernalderkofferten

Jernalderkofferten gir elevane ei innføring i det som skjedde under jernalderen.  Gjenstandane i kofferten, som elevane får sjå og kjenne på, er funn og drakter frå denne perioden. Dette er funn arkeologane har gjort i Norge. 

Vi går frå tidleg jernalder, med blant anna romerske funn, til slutten på vikingtida. Elevane får riste runer, slå eld, delta i ulike vikingleikar og skyte pil og boge. Vi avsluttar dagen med ein rebus (50 leiken) basert på det elevane har lært i løpet av dagen.

Instruktøren har med seg utstyr for dagen. Gode, varme, vindtette klede og støvlar er naudsynt.
Ved avtale tar skolen med seg ved og mjøl til pinnebrød. Skulen må avtale løyve med brannvesenet om å få tenne bål.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Produsent: Stiftinga Sunnmøre Museum
  • I samarbeid med: Stiftinga Sunnmøre Museum

Om kunstnar / utøvar / gruppe