Tilbake
Skriv ut

Jazzfigur

Lille Håkon strevar med å lære seg å sykle, medan trollet er på evig jakt etter gull. Alle dokkene vi møter i denne konserten, har sitt å stri med. Det er utgangspunktet for jazzkabareten "I tråd med musikken", der veteranar frå norsk jazzmiljø og norsk figurteater samarbeider om ei stor musikk- og teaterframsyning.

Jazz og figurteater er ikkje så ulike kunstformer som ein skulle tru. Begge tek utgangspunkt i folkelege former, og begge byggjer på improvisasjon.

JazzFigur, i tråd med musikken hadde premiere i 2002 og har sidan vore på ei rekkje turnear for Rikskonsertane, faktisk heilt til India.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Produsent: Halgeir Frydenlund, Kulturtanken. Tlf: 95138429 / hf@kulturtanken.no
  • Idé/ opplegg: Utøverane i samarbeid med Hallgeir Frydenlund.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Espen Rud er ein av dei mest rutinerte trommeslagarane i Noreg. Han fekk den høgaste utmerkinga i norsk jazz, Buddy, i 1983 og Spellemannsprisen i 1998 for ”Rudlende”. Espen er ein av dei musikarane Rikskonsertane har nytta mest i konsertverksemda i skolar og barnehagar sidan tidleg på 1980-talet.

Knut Alfsen har utdanning frå Riksteateret sin 3-årige elevskole i dokketeater. Han har hatt regiansvar og vore med som
dokkespelar og skodespelar i ei rekkje prosjekt for barn og vaksne, mellom anna ved Riksteateret, Rikskonsertane, NRK og
TV2. Knut er i dag dagleg leiar for den frie teatergruppa Levende Dukker.
Les meir om figurteater på http://levendedukker.no.

Kasper Skullerud Værnes - Saxofon

Sebastian Haugen-Markussen spelar bass og er utdanna jazzbassist og musikkpedagog ved Noregs
musikkhøgskole. Han har sin eigen kvartett – Sebastian Kvartett – og spelar i Magnolia Jazzband.

Regissør for framsyninga er Elisabeth Grønning. Ho har mange års praksis som drama- og førskolelærar og er no
høgskolelærar på barnevernslinja ved HIO.