Tilbake
Skriv ut

Bokbåten Epos veke 6: Verdens verste show!

Marius Horn Molaug brukar sine verste opplevingar til å skrive barnebøker. Det som er aller verst kan nemleg også bli aller mest morosamt! I barnebokserien «Verdens verste» skjer nesten alltid det verste. Hovudpersonane Ruben og Kent havnar midt oppi fæle situasjonar, og må bruke all sin fantasi for å komme seg heilskinna ut av det. Verdens verste show inneheld opplesing frå bøkene, tøysete teikningar på skjerm og dialog med ungane. Dette blir ein halvtime med mykje latter og glede for store og små!

Marius er teikneserieskapar, forfattar og redaktør. Han har hatt mange forestillingar på skular og bibliotek rundt om i landet.

Målgruppe: Frå 5 år

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Marius Horn Molaug
  • Idé/ opplegg: Marius Horn Molaug

Om kunstnar / utøvar / gruppe