Tilbake
Hilde Kvivik Kavli
Vidar Alvik
Elisabeth Wathne
Thomas Mordal, collage
Lars Opstad, Kulturtanken
Lene T. Mordal
Skriv ut

Grounds

Tenkjer du av og til over at vi gjentar oss sjølve og stadig seier eller gjer det same, berre på ein litt annan måte?  Bevisst og ubevisst følger vi mønstre, men variasjonar og utbroderingar kan endre bodskapen slik at den kan bli artig, lang, kort eller kjedeleg, og aldri heilt lik. 

Slik er det i musikken også. Når Caroline, Elizabeth og Erik høyrer stikkordet Grounds, gler dei seg til å leike og improvisere med gamal musikk. Komponisten meinte at nettopp basisen i verket skulle bli pynta på. Grounds kan tyde bakke, bakkekontakt, og dei repeterande mønstra ligger til ground for musikken.

Nytt blir gamalt, og gamalt blir nytt. Hoffet til franskekongen Ludvig XIV og musikken som vart laga då, er sentral i konserten. Men kanskje vi kan finne fenomenet også i musikk som vert laga i dag?

Konserten vart vist på DKS-konferansen 23.januar.

Lærarrettleiing

Barokkmusikk og barokkdans. Trekk ved tida då musikken vart komponert.

Som fagleg innfallsvinkel til for-og etterarbeid kan elevar og lærarar ta for seg barokkmusikk og barokkdans i dei estetiske faga. Men det er også eit mål å vise tida musikken vart komponert i. Klassedeling, hierarki, adel og rolla til ulike lag i befolkninga vil bli samanlikna med dagens demokrati, likestilling og medborgarskap. Den franske revolusjon blir nevnt, og publikum får høyre om konger og hoff i Frankrike og England. Konserten vil gjennom kostymer og eksempler vise publikum noko av det tidstypisk frå livet på hoffet til Ludwig XIV, men samstundes vise nokre universelle trekk i alle samfunn.

Det blir spelt musikk av Jean-Baptiste Lully, Robert de Visee, Vivaldi (La Folia), samt folketonane Greensleves, Ground upon av Scotch Humour og Pauls steeple.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Produsent: Lene Torgersen Mordal, tlf. 71 28 03 22 / 482 96 853, e-post: lene.mordal@mrfylke.no
  • I samarbeid med: Forfattar Berit Rødstøl har laga manus til konserten.Kostymemakar/designar Lillian Baur har laga kostyme.Parykkmakar Maren Togstad har laga den eine parykken.
  • Idé/ opplegg: Musikarane i samarbeid med produsent.

Om kunstnar / utøvar / gruppe