Tilbake
Skriv ut

Forteljingar på «F»!

Dette er ein verkstad der vi skal arbeide med dei gode idéane og få fart på fantasien! Alle har hovudet fullt av historier og vi skal bruke nokre ”knep” for å hente dei fram.

Gjennom mange ulike innfallsvinklar, ordleikar, assosiasjonar, underlege gjenstandar, skriveøvingar og improvisasjonar skal vi arbeide med forteljingane – og samtidig bli kjent med strukturen i ei historie, skildring av personar, stader, opplevingar, møter, stemningar – og det som ellers høyrer med i ei god historie.

Med elevane på barnetrinnet vil vi arbeide mest «på golvet» og få innhald til historiene våre med ord- og teaterleikar, gjenstandar og spennande oppgåver.

På mellomtrinnet vil vi også arbeide praktisk, og «på golvet», men gå meir inn i strukturane ei god historie inneheld og fordjupe oss meir I enkelte teknikkar.

Det meste går føre seg muntleg, vi treng berre blyant og ark til enkelte små gruppeoppgåver.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Olla Rypdal

Om kunstnar / utøvar / gruppe