Tilbake
KIN
KIN
KIN
Skriv ut

Låtskrivarverkstad på norsk 1819- Kulturskolen på Indre Nordmøre

Kulturskolen på Indre Nordmøre tilbyr eit kurs i kunsten å lage ei låt. Vi vil ta utgangspunkt i elevane sine føresetnader og vil denne gongen bruke norsk språk. Låtskrivarverkstaden byggjer på og vidareutviklar kompetansemåla etter 7.årstrinn innan komposisjon i læreplana. Vi vil legge opp til eit praktisk grunnkurs der elevane får lære arbeidsmåtane som ein kan bruke for å kunne lage, notere, dokumentere og framføre ei egen låt. Grunnleggande form-, sjanger- og musikklære vil bli gjennomgått i starten og mange eksempel vil bli gitt. Her kan det bli tverrfagleg arbeid med t.d. tekstskriving på førehand. Det blir mykje praktisk arbeid med både musikk og tekst. Elevar som spelar gitar eller piano blir oppfordra til å bruke det.

Verkstaden varer i to heile skoledagar og kostar kr 8400,-

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Produsent: Kulturskolen På Indre Nordmøre
  • Idé/ opplegg: Kulturskolen på Indre Nordmøre

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Rune Dalager og . Musikkpedagogar frå Kulturskolen på Indre Nordmøre