Tilbake
Skriv ut

BYGG! og bevare meg vel!

Dei tradisjonelle byggeteknikkane er rett og slett geniale. Naust, løer og hus blei sette opp utan ein spikar, og har stått støtt i mang ein orkan. Vi skal sette opp grindbygg, bukkebygg, stavlinebygg og laftebygg og lære om byggetradisjonar i Møre og Romsdal.

Bygga er tilpassa bruken og landskapet. Dei fortel om kvardagsliv, kunnskap og verdiar. Bygg eignar seg som studieobjekt fordi dei er så tydelege, både som konstruksjonar og som delar i eit landskap.

Regionmusea i Møre og Romsdal turnerer med «BYGG! – og bevare meg vel» i heile fylket.

Elevane skal utforske og delta i praktisk arbeid, og slik få auka forståing og interesse for berande konstruksjonar, arkitektur og byggetradisjonar i lokalmiljøet sitt.

Formidlinga tek utgangspunkt i  fire frittståande byggmodellar, utforma som byggesett. Dei er ca. 120 x 90 cm store. Byggesetta tek for seg grunnleggjande berekonstruksjonar brukt i Møre og Romsdal. Grovt sagt er grindbygg brukt på Sunnmøre, stavlinebygg på Nordmøre og midt i mellom ligg Romsdal, der dei har ein spennande variant som vi kallar bukkebygg. Dette er ein hybrid – ein mellomting -  mellom grindbygg og stavlinebygg. Laftebygg har vi felles.

Elevane bruker alle sansane når dei arbeider seg fram til kunnskap om tradisjonelle byggemetodar brukt i Møre og Romsdal. Dei kjenner på materialet, samarbeider, tenker logisk, er praktiske og konkrete. Dei utforskar, ser på linjene, og føler kva som skal til for å få bygget til å stå stødig.

Vi vil bruke om lag tre skuletimar pr. klasse, to klasser pr. dag – ei før og ei etter lunsj. 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Idé/ opplegg: Stiftinga Sunnmøre museum

Om kunstnar / utøvar / gruppe