Tilbake
Illustratør Christian Fjeldbu
H.Skrede
Åse Holte
H.Skrede
H.Skrede
Tove K.Breistein
Illustratør Christian Fjeldbu
Skriv ut

Grassentassar og miljøsvin

Kvar sommar reiser Ea og mora til campingplassen Frøppeldunk for å fiske, bade og ikkje minst treffe alle dei andre feriegjestane igjen. Men denne sommaren skjer det noko uventa: fargane forsvinn, ein etter ein! 

Korleis i all verda kan det ha seg? Dette må Ea og ferievennen Lars finne ut av, og det før absolutt alle fargane er vekk og heile verda blir grå! Ei intens jakt etter løysinga startar og alle dei rare, fine campinggjestane på Frøppeldunk blir involvert i mysteriet.

Miljøfabelen Frøppeldunk får følgje av musikarane sin eigenkomponerte musikk. I samspel med forfattaren av boka "Frøppeldunk" framfører dei handlinga i boka ved hjelp av ord og tonar.

Lærarrettleiing

Eventyrleg forteljing om vennskap, campingplassliv og miljøvern

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Møremusikarane i samarbeid med skodespelar Linn Wennersten
  • Produsent: Musikarane i samarbeid med produsent.
    Vivi Sunde har bidratt med konsulenthjelp isbm opplesing.
  • Idé/ opplegg: Konserten har blitt til i samarbeid med forfattar, musikarar og produsent, og baserer seg på Berit Rødstøl sin bok "Frøppeldunk", som kom ut i 2015. Musikarane har laga all musikken.

Om kunstnar / utøvar / gruppe