Kulturverkstader

Den kulturaktive eleven- verkstader i Den kulturelle skulesekken.

Den kulturelle skulesekken i Møre og Romsdal har ei bestillingsordning for kulturverkstader til grunnskulane. Gjennom denne kan skulane bestille verkstader med profesjonelle fagfolk innan eit breitt spekter av kulturuttrykk.

Skulane betaler ein eigendel pr verkstad.


Frist for bestilling av verkstader for skuleåret 2019-2020 er 18. mars. Bestillinga er bindande. 

Det er viktig at de studerer innhaldet i verkstadane nøye før de bestiller,  legg spesielt merke til:

- Maksimalt antal elevar pr verkstad

-Pris

-Kor lenge verkstaden varer

- Det geografiske området som dei ulike produksjonane kan turnere i, dette gjeld verkstader som kulturskulane leverer.

Oversikt over alle verkstadene og skildring av dei, finn de under fanen "annet" under uttrykksform. Du finn også oversikt som pdf for nedlasting nederst på sida her.

Endeleg melding om kva for verkstad de får tilbod om kjem i god tid før kommunane sin frist for å sende inn kommuneplanane, slik at det blir samsvar mellom planen og tildelinga av verkstad.

KLIKK HER FOR Å KOME TIL BESTILLINGSSKJEMAET.

De må fylle ut eit skjema per verkstad.

Ta gjerne kontakt dersom de lurar på noko.

E-post: kultursekken@mrfylke.no

Telefon: 71 28 00 00