mr

Kommunal kultursekkplan 2018-2019

Det er tid for å starte planleggingsarbeidet for bruk av spelemidlane i den kommunale Kultursekk-potten for skoleåret 2018/2019.  Frist for levering av planen er 1. juni 2018.
Send planen som vedlegg på e-post til post@mrfylke.no. De skal bruke planmalen som ligg nederst.

Eit overordna mål for Den kulturelle skolesekken er at ordninga skal gi skoleelevar kulturopplevingar av høg kvalitet, og innanfor alle kunstartar. Dei kommunale planane skal vere i samsvar med prinsippa for Den kulturelle skolesekken, til dømes når det gjeld krava om profesjonalitet, kvalitet og variasjon i kunstartar og formidlingsformer.

Vi ber om at de også les vedlagte tildelingsbrev frå Kulturtanken.


PROFESJONALITET
Profesjonalitet i tiltaka er avgjerande for at planen skal kunne bli godkjend. Alle DKS-tiltak skal vere på eit profesjonelt nivå.

Vi oppmoder Kulturforumet til å initiere nye aktivitetar kvart år. Det er høve til å vidareføre gode enkelttiltak over fleire år, men det er ikkje høve til å vidareføre heile planen frå eitt år til det neste.

I 2015 blei den nasjonale rammeavtalen for arbeid innanfor Den kulturelle skolesekken revidert. Avtalen regulerer mellom anna kva for honorar utøvarane bør ha. Vi tilrår at avtalen ligg til grunn for honorering for arbeid innanfor Den kulturelle skolesekken også når det skjer i kommunal regi. Heile avtalen finn de her


KULTURFORUM
For alle kommunar som har ei tildeling på meir enn 25 000 kroner, skal planen vere utarbeidd og vedteke i eit kulturforum. Søknadar på meir enn 25 000, men som ikkje er utarbeidd i Kulturforum, vil ikkje bli vurdert.

Det lokale kulturforumet skal vere samansett av kommunerepresentanten som er ansvarleg for arbeidet med Kultursekken, skolane sine kulturkontaktar, UKM, eventuelt frittståande utøvarar og lokale institusjonar. Slike institusjonar kan vere kulturskolar, museum, kinoar, kyrkjer osb. Folkebiblioteka kan også vere ein aktuell institusjon å få med i Kulturforum, då det gir eit godt potensiale for lokale idear og prosjekt. Folkebiblioteka er aktive og ofte nytenkande mot målgruppa barn og unge, og ønskjer også lokale samarbeidspartnarar. Vi oppmoder kommunekontaktane til å invitere med sine folkebibliotek, som de finn oversikt over på www.mrbiblioteket.no.

Kommunar som har ei tildeling på under 25 000 treng ikkje å innkalle til møte i Kulturforum for å få tildelinga. Dette føresett at skolane ønskjer å bruke pengane til å kjøpe verkstader frå Kulturlauget. Om kommunen og skolane ønskjer å bruke pengane til andre tiltak, utarbeider de tiltaka i kulturforum på vanleg måte.

Om det er kulturskolen som er ansvarleg for det kommunale kultursekkarbeidet, er kulturskolen også ansvarleg for å innkalle til møte i kultuforum. Andre relevante kulturaktørar og skolane skal ha høve til å være med på å utarbeide innhaldet i planen.

Det er viktig at tiltaka er lokalt forankra, og at dei gode lokale kulturressursane kjem elevane i skolen til gode. Vi oppmoder til å hente fram dei gode ideane og prosjekta på tvers mellom skole og kulturaktørar. Samhandling gir dei mest spennande prosjekta. Det er ikkje høve til å fordele midlane direkte til skolane ut frå elevtal, utan at pengane er knytt til eit bestemt prosjekt.

Planen må vere godkjend av fylkeskommunen for å løyse ut pengar. Den nøyaktige summen kvar kommune kan få tildelt er ikkje klar før fylkeskommunen får tildelingsbrevet frå departementet i juni. Tildelinga for førre skoleår gir likevel ein peikepinn på kor stort beløp kvar kommune kan få.

Det er mange kommunar og skoler som har omfattande kulturplanar og imponerande høg kulturaktivitet i løpet av eit skoleår. I denne planen er det ikkje naudsynt å skildre andre tiltak enn dei kommunen søker om å finansiere med spelemidlar. Om de har fleire enn 12 slike aktivitetar, kan de legge inn fleire faner i skjemaet.


KULTURLAUGET
Pengar frå den lokale Kultursekk-potten kan de bruke til å bestille tilbod som skolane har søkt om frå Kulturlauget. Endeleg melding om kva for tilbod frå Kulturlauget som kjem til kvar enkelt kommune blir gitt i god tid før fristen for å sende inn kommuneplanane går ut, slik at det blir samsvar mellom planen og tildelinga frå Kulturlauget.

Vi oppmoder dei lokale kulturforuma til å vurdere om det er grunnlag for samarbeidsløysingar mellom DKS, UKM og kulturskolane. Kan verkstader frå Kulturlauget nyttast i fleire høve, til dømes ved at elevar som har delteke i laug oppmodast til å delta i UKM? Eller kan det styrke deltakinga ved UKM om kulturforumet bestiller laug i kunstartar som hittil har vore representert i liten grad under UKM?


TRANSPORT
Pengane kan nyttast til transport dersom dette er knytt til konkrete kunst- og kulturopplevingar som er skildra i den lokale planen. Pengane kan ikkje nyttast til transport knytt til opplevingar i abonnementstilbodet til Kultursekken. Vi oppmodar likevel til å arbeide for finansiering av transportutgifter knytt til dei lokale prosjekta med andre midlar enn dei lokale kultursekkmidlane.


KVA PENGANE IKKJE KAN NYTTAST TIL 
Pengane kan ikkje gå til tiltak som skolane / kommunane alltid har hatt, som t.d. elevkveldar, julefrukost, skidag, UKM, finansiering av uteområde osb. Dei kan ikkje finansiere kompetanseheving for lærarar, kulturtorget, nettverksmøter og liknande.

Dei lokale kultursekkmidlane kan heller ikkje finansiere fastlagde undervisningssamarbeid mellom skolen og kulturskolen eller til ordinær instrumentopplæring for kulturskoleelevar eller korpsmusikantar.

Vi gjer også merksam på at spelemidlane ikkje kan nyttast til friluftsliv, om det ikkje er i samband med ein kulturfagleg aktivitet.


RAPPORTERING
Departementet held fast ved avgjerda om at rapporteringa skal skje per kalenderår, sjølv om planlegginga må skje per skoleår.
Fristen for rapportering for bruk av kultursekkmidlar brukt i 2018 (vår og haust) er 7. februar 2019.

Ubrukte spelemidlar kan berre overførast til neste år etter avtale. Det er eit mål at heile tildelinga kjem elevane til gode kvart år.


Ta gjerne kontakt med Camilla Wiik telefon 71 25 89 36 eller e-post camilla.wiik@mrfylke.no om noko er uklart eller om de ønsker innspel i prosessen med å lage kommunal kultursekkplan.