mr

Programforslag til Kultursekken

Hege Merethe Gagnat @ Møre og Romsdal // 09.02.11

Kultursekken tek imot programforslag fra utøvarar heile året. Vi har ingen frist eller skjema til dette, men vi vil gjerne ha produksjonsskildringar anten på epost eller pr telefon.

Dersom vi vurderer produksjonen som interessant så vil vi avtale møte med utøvarane eller reise ut for å sjå produksjonen med målgruppa til stades.

Kvart år arrangerer vi Kulturtorget i slutten av januar der vi presenterer dei tilboda som vi planlegg å sende ut påfølgande skoleår.  På Kulturtorget viser vi scenekunstframsyningane/konsertane som heile framsyningar og presentasjonar av tilbod innan dei andre kunstartane i den mest hensiktsmessige forma som er mogleg i forhold til produksjonen si utforming.

Programmet for Kulturtorget skal vere klart i løpet av desember, så haustsemesteret er den mest aktuelle perioden for å melde inn nye produksjonar.

Vi legg turneane i løpet av våren og presenterer tilboda for skolane før dei tek sommarferie i juni.