mr

KULTURLAUGET 2016-2017

Søknadsfrist 15.april

Hege Merethe Gagnat @ Møre og Romsdal // 04.04.16

Kvar kommune mottek midlar frå Kultursekken som skal nyttast til lokale, profesjonelle kulturtiltak. Det er kommunen sin Kultursekk-kontakt som koordinerer dette arbeidet saman med skulane.
Skulane kan bruke av desse midlane til å bestille verkstader.

Verkstadane er produsert og formidla både av Kultursekken og av kulturskolar i fylket vårt.


Profesjonelle kunstnarar og kunstpedagogar er på nytt klare til å lære elevar i Møre og Romsdal å utfolde seg innan kulturfaga!
Ønskjer de at elevane skal lære seg å rappe, lage dokumentarfilm eller kanskje lage musikkvideo? Få opplæring i hiphopdans, teater eller animasjon? Kulturlauget har eit variert tilbod for kulturaktive elevar!

Det er mange nye Kulturlaug som blir tilbudt denne gongen, både frå Kulturavdelinga og frå kulturskulane.

Klikk på denne lenka for å få opp menyen for Kulturlauget 2016/2017.

 

 

Ei innføring i animasjon - dagskurs med Linda Fagerli Sæthren

Ei innføring i animasjon - dagskurs med Linda Fagerli Sæthren