mr

Kunstnartreff i Møre og Romsdal 13. mai 2015

Hanne Brakstad @ Møre og Romsdal // 30.04.15

Den kulturelle skolesekken og Seanse ønsker velkommen til kunstnartreff i Molde!

Kunstnartreffet har som mål å vere ein møtestad og sosial arena for kunnskapsutveksling mellom
ulike kunstaktørar. Dette er eit initiativ frå Den kulturelle skolesekken sentralt, og Seanse har fått
ansvar for å arrangere slike treff rundt om i heile landet. Vi setter fokus på møtet mellom kunsten og
skulane, og kva form dette møtet skal ha. Marit Ulvund stiller spørsmålet: Korte besøk eller
langvarige samarbeid? Nyansatt i Seanse, Rita Slotterøy, vil snakke om korleis ein skal skrive gode
søknadar, og Karstein Solli leiar oss gjennom plenumssamtaler. Johild Kosberg Bredin og Anette Storli
Andersen kjem med innlegg om planar for Kultursekken

Vi har invitert fem kunstnarar til å halde Pecha Kucha presentasjonar og dele sine erfaringar frå
turnélivet i regi av Den Kulturelle Skulesekken: Heidi Rødstøl – visuell kunst, Olla Rypdal – teater,
Svein Sæter – litteratur, Anna Gjendem – dans, og Are Pilskog – film.
Det vil bli servert lunsj med god tid til mingling og gode samtalar. SEANSE ønsker, i samarbeid med
Kultursekken i Møre og Romsdal, å skape tid og rom for diskusjon og refleksjon.

Meir informasjon finn du her:

 

Kunstnartreff i Møre og Romsdal 2015

Kunstnartreff i Møre og Romsdal 2015