mr

Transport av elevar og utstillingar

Hege Merethe Gagnat @ Møre og Romsdal // 31.07.07

Vi får mange spørsmål kring økonomi og praktisk handtering av transport for elevar og utstillingar. Her er oversikt over organisering og økonomisk ansvar:

Transport av elevar
Dersom elevane må ut av kommunen for å oppleve Kultursekk-tilbod, så dekkjer vi utgiftene.

Som ei prøveordning skoleåret 2012/2013 vil Kultursekken dekke transportutgifter for 1. - 7.trinn dersom Kultursekktilboda skal gjennomførast på ein annan skole.
Vi har arbeidd med å fylle «setene» for å spare turnédagar, noko som frigjer ein god del økonomi, men som medfører at ein del fleire elevar må flytte  seg for å oppleve Kultursekken. Vi vil evaluere etter dette skoleåret korleis ordninga har fungert.

Transport i samband med ordinære skolekonsertar:
I kommuneavtalen send til alle kommunar frå Rikskonsertane i mars-11 vart ny transportordning for skolekonsertane i grunnskolen presentert. F.o.m. hausten 2011 vil all transport av små skolar (mindre enn 45 elevar) som ikkje får besøk på eigen skole bli refundert av Rikskonsertane via Møre og Romsdal fylkeskommune. Buss-selskapet sender rekninga til: Møre og Romsdal fylkeskommune, Kulturavdelinga, Fylkeshuset, 6404 Molde. Merk fakturaen med navn på konserten, skolen og prosjektnummer 1196. Skolane må som før tinge transporten sjølv.

Dersom ein skole, som normalt får konsert på eigen skole, ikkje har eigna lokale og difor treng skyss, vert transport ikkje dekt. Der konserten er planlagt annleis m.o.t lokale, t.d. kulturhus, kirker, bydelshus og alle må forflytte seg, vert transport heller ikkje dekt.

Transport av utstillingar
Kvar skule er ansvarleg for å organisere transport til neste stad. Dette må planleggast i god tid, slik at det ikkje blir forseinkingar i turnèplana. Ta kontakt med neste skule på turnèplana og avtal levering.  På turnèplana står adresse, telefonnummer og kontaktperson til skulane (utskriftsversjon).  Dersom skulen ikkje har høyrd noko om når utstillinga kjem må de ringe skulen før dykk på turnèplana. 

Transport av utstillingar innan kommunen blir ikkje kompensert av fylket.  

Når utstillinga skal til annan kommune dekkjer vi utgiftene. Ved bruk av eigen bil skal reiserekninga til Møre og Romsdal fylke nyttast, og originale kvitteringar (ferge/bom) skal leggast ved.  Ofte er det mest praktisk å nytte transportbyrå til frakt av utstillingar.  Da skal det skrivast fraktbrev, og på dette skal det stå namn på utstillinga.  I tillegg skal transportbyrået gjerast merksam på at Møre og Romsdal fylke har 30 dagar betalingsfrist.
Tips til transportbyrå: Bring Express, tlf: 04050 (Tidlegare Box Delivery)


Utgifter i den vidaregåande skulen
Alle utgifter til transport av elevar og utstillingar blir dekka av Kulturavdelinga.  Dette gjeld for arrangement knytt til Kultursekken.

Faktura/reiserekning skal sendast:
Møre og Romsdal fylke
Kulturavdelinga
Fylkeshuset
6404 MOLDE

Faktura må merkast med namn på turné eller liknande.