mr

Kva er Kulturlauget?

Hanne Brakstad @ Møre og Romsdal // 20.09.12

Kulturlauget er ei bestillingsordning for grunnskolane i Møre og Romsdal.

Gjennom Kulturlauget kan skolane bestille ulike former for kulturverkstader og i denne delen av Kultursekken er det den eigenaktive kultureleven som står i sentrum.

Profesjonelle utøvarar innan mange kulturuttrykk arbeider saman med elevane og utøvarane som arbeider med verkstader er anten frilanskunstnarar av mange slag eller tilsette i 11 kulturskolar frå fylket.


Kulturlauget har bestillingsfrist kvar vår og skolane får informasjon på epost når bestillingsrunden vert sett i gong.
Skolane betalar ein eigendel for verkstadane - informasjon om dette ligg i produksjonslista på Kultursekken
 

Dei siste to åra har Kultursekken samarbeida med kulturskolar i fylket om å utvikle fleire verkstader og dette har resultert i eit samarbeidsprosjekt med namnet Kulturlauget - Den kulturaktive eleven.

Prosjektet har fått prosjektmidlar frå Utdanningsdirektoratet og tanken bak er at fleire elevar skal få tilgong til profesjonell kulturopplæring på basisnivå.
Verkstadane frå kulturskolane vert presentert saman med verkstadane frå Kultursekken i ein felles bestillingsrunde.


Vi vil anbefale ungdommar som har delteke på kulturverkstader om å melde seg på UKM for å vise fram det ein har laga eller har lært - aldersgruppene frå 10 - 19 kan delta på UKM i sin kommune.
 

 

Skyggeteater

Skyggeteater