mr

Generell informasjon Kommuneplanane

Kvart år mottek Møre og Romsdal fylkeskommune spelemidlar som skal finansiere drift av Kultursekken. 1/3 av spelemidlane skal gå til kommunane i fylket, og midlane vert fordelt etter en fordelingsnøkkel knytta til elevtal i kommunane og kompensasjon for geografiske forhold.

Kommunane skal lage ein årleg plan for bruk av midlane, samt levere rapport for kvart gjennomførte skoleår.

Midlane skal bli brukt til profesjonelle kunst - og kulturtilbod for barn og unge innan musikk, scenekunst (teater, dans), kulturarv, film, litteratur og visuell kunst.

Tildelingsbrevet frå Kulturdepartementet inneheld mål for Den kulturelle skolesekken nasjonalt.

Måla for den lokale Kultursekken er lik måla for den regionale Kultursekken:

  • å medverke til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod
  • å leggje til rette for at elevar i skulen lettare skal få tilgang til, gjere seg kjende med og utvikle forståing for kunst- og kulturuttrykk av alle slag
  • å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål


Følgjande prinsipp skal gjelde for ordninga:

Varig ordning: Den kulturelle skulesekken skal vere ei varig ordning for elevar i skulen.
For alle elevar: Den kulturelle skulesekken skal femne om alle elevar i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa, uavhengig av kva skule dei går på og kva økonomisk, sosial, etnisk og religiøs bakgrunn dei har.
Realisere mål i læreplanverket: Innhaldet i kunst- og kulturtilboda i Den kulturelle skulesekken skal medverke til å realisere skulen sine mål slik dei kjem til uttrykk i den generelle delen i læreplanverket og i dei ulike læreplanane.
Høg kvalitet: Elevane skal møte profesjonelle kunst- og kulturtilbod med høg kunstnarleg kvalitet.
Kulturelt mangfald: Den kulturelle skulesekken skal omfatte ulike kunst- og kulturuttrykk med røter i eit mangfald av kulturar og frå ulike tidsperiodar.
Breidde: Både musikk, scenekunst, visuell kunst, film, litteratur og kulturarv skal vere representerte i Den kulturelle skulesekken. Det skal vere variasjon i formidlingsmåtane.
Regularitet: Elevane skal sikrast eit regelmessig tilbod på alle klassetrinn.
Samarbeid kultur–skule: Arbeidet med Den kulturelle skulesekken skal skje i eit godt samarbeid mellom kultur- og opplæringssektoren på alle nivå. Det skal sikrast god forankring og tid til planlegging i skulen.
Rollefordeling kultur–skule: Opplæringssektoren har ansvaret for å leggje føre- og etterarbeid pedagogisk til rette for elevane, medan kultursektoren har ansvaret for kulturinnhaldet i Den kulturelle skulesekken og for å informere om innhaldet i god tid.
Lokal forankring og eigarskap: Den kulturelle skulesekken må forankrast lokalt, i den enkelte skulen, kommunen og fylket. Dette sikrar lokal entusiasme og gjev rom for mange lokale variantar, slik at alle skal kunne kjenne eigarskap til Den kulturelle skulesekken.

Mål og prinsipp for satsinga er nedfelt i Stortingsmelding nr. 8 (2007-2008):  ”Kulturell skulesekk for framtida”

 

Cirkus Cirkör

Cirkus Cirkör