Møre og Romsdal fylkeskommune
Postadresse: Postboks 2500, 6404 Molde
Besøksadresse: Fylkeshuset, Kulturavdelinga, 6404 Molde
Kontaktperson:
Båten og mennesket
Produksjonsliste
Program

Båten og mennesket

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Kulturarvformidling gjennom handgripeleg og sansbar aktivitet, gir kunnskap om korleis ein bygger opne tradisjonsbåtar.

Ved hjelp av eit byggesett i full skala, vil elevane få ei nærare innføring i bygging av den gamle sunnmørsbåten, Snidbetningen. Båttypen vart i hovudsak bygd og brukt på Sunnmøre, men førekom også i Romsdalen.

Elevane får prøve ulike handverksteknikkar; sansing av form gjennom å sjå, kjenne og føle. Formoppnåing gjennom bruk av øks, sag, høvel, båttvinge, navar, borrevinde, tollekniv og klinkeverktøy.

Arbeidsmetode i produksjon: Forholdstal (lengde/breidde/dybde), kroppsmål (alen, tomme, favn), arbeidsbenk (forsete), montering i jigg (bøying / vriding med sparrer og skorder, skruing, trenagling).

Båten vert bygd etter tradisjonsboren kunnskap der byggekodeksen er høvestal og kroppsmål.

Lærerettleiing finn du lengre nede på sida.

Lærarrettleiing

Kompetansemål og praktisk informasjon
Last ned:

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune

Om kunstnar / utøvar / gruppe


Medverkande

  • Håvard Hatløy - veke 10
  • Cecilie Rørstad - veke 10
  • Jan Kåre Blindheim - veke 11
  • Arve Yndestad - veke 11

Multimedia og vedlegg

Bilete

Snidbetning
Foto: Stiftinga Sunnmøre museum
Verktøyskrin
Foto: Stiftinga Sunnmøre museum
Båtbyggar
Foto: Stiftinga Sunnmøre museum
Kulturarv
Trinn: 8 - 10
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Kontaktpersonar:Veke 10: Cecilie Rørstad , Mobil: 994 25 888
Veke 11: Jan Kåre Blindheim, Mobil: 905 76 774
Programlengde
140 (Tre skuletimar)
Maks publikumsantal
28
Arena / rom
Stort rom utan møblar (t.d gymsal, båt på 5,3x1,5 meter skal inn, pluss anna plasskrevjande ustyr) NB: Det må dobbel dør til for at båten skal gå innandørs.
Er workshop
Ja
Berehjelp
Ja
Oppriggingstid
60 min.
Nedriggingstid
30 min.
Lenker
Arrangørar
Arrangert av:
Møre og Romsdal fylkeskommune
Medverkande
  • Håvard Hatløy - veke 10
  • Cecilie Rørstad - veke 10
  • Jan Kåre Blindheim - veke 11
  • Arve Yndestad - veke 11