Møre og Romsdal fylkeskommune
Postadresse: Postboks 2500, 6404 Molde
Besøksadresse: Fylkeshuset, Kulturavdelinga, 6404 Molde
Kontaktperson:
Du velger selv
Produksjonsliste
Program

Du velger selv

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Du velger selv er ein animert dokumentarfilm med barn som fortel om korleis det er å ha ein forelder i fengsel. Mange av desse barna veit ikkje kvifor mor eller far plutseleg blir «borte». Barna i filmen er anonymisert gjennom animasjon, men dei har sine eigne forteljarstemmer. Dei fortel sjølv om sin kvardag, sakn og draumar.

Kajsa Næss er regissør og animatør for filmen. Saman med medanimatør og medprodusent Jan Otto Ertesvåg frå Ålesund, har ho laga ein film med eit viktig tema.

Ertesvåg viser skisser og forklarer korleis filmen blei laga, og snakkar om kvifor denne filmen er viktig. Barna får stille spørsmål og fortelje kva dei tenkjer om det å ha ein forelder i fengsel. Jan Otto kjem også til å snakke om kva ein dokumentarfilm er, og han vil vise døme på ulike teknikkar og filmar.

Til læraren:

"Du velger selv" er ein film med eit viktig tema. Kvart år opplever mellom 6000 og 9000 born at ein av deira foreldre vert fengsla. Det kan vere elevar på din skule som er berørt av denne problematikken, og spesielt i desse tilfella er det tilfella er det bra å forberede eleven på kva som skal skje.

Animatøren si erfaring med visning av filmen er at elevar i denne aldersgruppa er åpne, nyskjerrige og har mange tankar rundt temaet. Det er også utarbeida eit informasjonshefte som kan vere nyttig for læraren. Informasjonshefet skildrar vanlege problemstillingar knytt til å ha ei mor eller ein far i fengsel. Det er foreningen for Fangers Pårørende som har laga heftet.

Lenke info-hefte: http://www.ffp.no/?module=Articles&action=Article.publicOpen&id=392

Omtale NRK: http://www.nrk.no/kultur/film-om-barn-med-foreldre-i-fengsel-1.10947155

Animatøren styrer timen og opplegget, men om lærar vil bidra med spørsmål eller liknande er han/ho hjarteleg velkomne til det. Dette opplegget passar spesielt godt inn i norsk, samfunnsfag og RLE.

Vi ber om at kulturkontakter eller lærar introduserer filmskaparen som kjem på besøk. Det set ei fin ramme for møtet.

Jan Otto ynskjer tett kontakt med elevane, og ser difor gjerne at ein skyv pultane ut til sida, slik at elevane sit på stolrekker (Kinooppsett) frå byrjinga av timen. Det er best dersom dette er gjort før timen startar.

Filmsnutt av "Du velger selv" kan du sjå her: https://vimeo.com/81483227

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Jan Otto Ertesvåg

Om kunstnar / utøvar / gruppe


Medverkande

  • Jan Otto Ertesvåg
  • Jan Otto Ertesvåg

Multimedia og vedlegg

Bilete

DuVelgerSelv
Foto: JanOttoErtresvåg / Mikrofilm
Film
Trinn: 4 - 7
Turnéplan: Du velger selv H18
Turnéplan: Du velger selv V19
Praktisk informasjon
Kontaktperson utøvar
Jan Otto Ertesvåg E-post: janotto@hammerhai.no
Programlengde
45
Maks publikumsantal
30
Arena / rom
Klasserom
Oppriggingstid
10 min.
Nedriggingstid
10 min.
Arrangørar
Arrangert av:
Møre og Romsdal fylkeskommune
Medverkande
  • Jan Otto Ertesvåg