Møre og Romsdal fylkeskommune
Postadresse: Postboks 2500, 6404 Molde
Besøksadresse: Fylkeshuset, Kulturavdelinga, 6404 Molde
Grindbygg
Produksjonsliste
Program

Grindbygg

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Grindbygga er rett og slett geniale! Naust og løer og hus blir satt opp utan ein einaste spikar, og bygga har stått støtt i mang ein orkan.


Elevane skal gjennom utforsking og praktisk arbeid få økt forståing og interesse for bygg i sitt eige nærmiljø, bærande konstruksjonar og arkitektur. Bygg eigner seg som studieobjekt fordi dei er så tydelege, både som konstruksjonar og som deler i eit landskap
Grindbygg er tilpassa bruken og landskapet og fortell om kvardagsliv, kunnskap, visjonar og verdiar. Grindbygg har ei geografisk utbreiing som strekkjer seg frå Rogaland til Sunnmøre, med greiner inn i Romsdalen. Grindbygg har tradisjonelt utgjort om lag halvparten av bygningsmassen på ein vestlandsgard. Andre halvparten er tømmerhus. Gridkonstruksjonen finn ein først og fremst i uthus, der det har vore behov for luftige bygningar til lagring av høy, korn, ved, torv og båtar. Desse bygningane har vore ulike i storleik, materialval og utforming.

Bygningsdelane i grindbygget vi har med er merka med fargekodar, som gjer det enklare å sjå kva for delar som høyrer samen. Elevane bruke alle sansane. Dei kjenner på materialet, samarbeida, tenker logisk, er praktiske og konkrete. Dei utforskar, ser på linjene, og føler kva som skal til for å få bygget til å stå støtt.

Vi kan ta to skuleklasser pr. dag, på ein og same skule. Maks 28 elevar i ei klasse.
Lærer må delta og ta ansvar for ein post.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Musea i Møre og Romsdal

Multimedia og vedlegg

Bilete

grindbygg Volda.jpg
Opshaugløa.jpg
grindbygg Volda2.jpg
Skråband Håkonsholmen.JPG
Annet
Trinn: 7 - 10
Turnéplan: Grindbygg -V18
Praktisk informasjon
Kontaktperson utøvar
Ingvill Naalsund 980 96 723
Maks publikumsantal
30
Arena / rom
Stort rom eller ute
Er workshop
Ja
Berehjelp
Ja
Pris
4500 for to verkstader same dag
Arrangørar
Arrangert av:
Møre og Romsdal fylkeskommune