Møre og Romsdal fylkeskommune
Postadresse: Postboks 2500, 6404 Molde
Besøksadresse: Fylkeshuset, Kulturavdelinga, 6404 Molde
Danseverkstaden Spring!
Produksjonsliste
Program

Danseverkstaden Spring!

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

I ei verd med ulike kulturuttrykk og kanalar er det identitetsskapande å kjenne til tradisjonane frå heimplassen. Danseverkstaden Spring! ynskjer å gi elevar i Møre og Romsdal ei felles oppleving av levande musikk, samdans og lokal forankring.

Folkedans er inkluderande, miljøskapande og gir eit unikt høve til trening av rytme, motorikk og balanse i leik. Sjangeren er lett tilgjengeleg for alle typar fysikk og er dermed spesielt eigna for mestringskjensle. Pardans inkluderer nær sagt alle sansar og gir elevar høve til å jobbe trygt i naturlig fysisk samhandling.

Mykje av dansetradisjonen i Møre og Romsdal er i ferd med å dø ut då ein ikkje har grepe eller fått høve til å lære desse fantastiske rørsleskattane. Det er i dag også få arenaer der unge har høve til å bevege seg til levande kvalitetsmusikk, få kjennskap til musikk i ulike taktartar, og til å møte dyktige folkedanspedagogar.

Elevane får lære å danse den springaren/polsen som er nærast skolen av dei formene som vi i dag kjenner til. I praksis vert dette Todalspols på Nordmøre, Romsdalsspringar i Romsdal, og på Sunnmøre: springarane frå Tafjord, Sykkylven/Stranda, Nordre Sunnmøre og Søre Sunnmøre – i alt fem ulike, unike og lokale dansar.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Hildur

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Anna Gjendem:

Anna er en ung, moderne danser fra Molde med solid festet i tradisjon.  Utdannet Utøvende folkedanser fra Universitetet i Trondheim med en mastergrad i Tradisjonskunst fra Høgskolen i Telemark.

I tillegg til sin stilling som daglig leder ved Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal, arbeider hun fulltid som utøvende tradisjonsdanser. Hun bruker tradisjonsdansene og musikken i scenisk arbeid, og underviser for alt fra barnehager til eldre mennesker. Anna er fast danser i Hildur Dansekompani og turnerer for øyeblikket med oppsetningen «Danseverkstaden – Spring! » (Kultursekken i Møre og Romsdal) og dansekonserten «Å du store mi tid» (Spaserstokken i Møre og Romsdal og Steinkjer)

Mathilde Øverland:

Mathilde kjem frå Molde, kor ho gjekk musikklinja ved Molde Videregående med song som hovudinstrument. Ho lærte å kvede i gudbrandsdalstradisjon på Folkemusikklina ved Vinstra, før ferden gjekk til Trondheim og Voss for bachelor i utøvande tradisjonsdans. Itillegg til kvedetimar hjå Camilla Granlien frå Ringebu har ho lært av Unni Boksasp frå Nordmøre, Kim Andre Rysstad frå Setesdal m.fl.. Dei siste åra har ho starta arbeidet med fordjuping i Romsdalsk songtradisjon.

Britt Elise Skram:

Britt Elise kjem frå korpsbygda Tomrefjord, men valde å spele fele i staden for messing.   I dag er ho leiar for Spelemannslaget Dåm og Drag, og spelar også i Tre begrædelige piger. 

Etter eit år ved Toneheim folkehøgskole bestemte ho seg for å satse på folkemusikken, og tok utøvande folkemusikkutdanning ved Norges Musikkhøgskole. Læremeistrane vart Sven Nyhus, Arild Hoksnes og Per Sæmund Bjørkum. Olav P. Hjelvik var Britt sin første læremeister, og er framleis helten hennar. 

Jo Einar Sterten Jansen:

Jo Einar er fele-, hardingfelespelar og songar frå Frosta i Nord-Trøndelag. Han har nordisk master i folkemusikk og ein kreativ, kraftfull og dynamisk spelestil. Med rot i folkemusikken frå heimfylket spelar Jo Einar tradisjonsmusikk ifrå heile Norden. Han er med i grupper som Duo Jansen/Jüssi og Rim, og er i tillegg ein glimrande soloutøvar, men ekstravagante kvalitetar som dansespelemann.

Hilde Fjerdingøy:

Hilde er toraderspelar og komponist med poetisk uttrykkskraft og musikalsk finesse. Fjerdingøy har mastergrad i nordisk folkemusikk og har, i tillegg til å spele tradisjonsmusikk frå heile Norden, fordjupa seg mest i slåttemusikken frå heimtraktane på Helgeland. Ho spelar mellom anna i svensk-norske Rim og Duo Fjerdingøy & Andersson.


Medverkande

  • Hildur
  • Anna Gjendem (Dansar), anna@gjendem.net, 474 09 302
  • Mathilde Øverland (Dansar)
  • Britt Elise Skram (Spelmann)
  • Jo Einar Sterten Jansen (Spelmann)
  • Hilde Fjerdingøy (Spelmann)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Laura, Anna og Mathilde
Kunstarter i samspill
Trinn: 4 - 10
Praktisk informasjon
Kontaktperson utøvar
Programlengde
90
Maks publikumsantal
30
Arena / rom
Gymsal e.l
Er workshop
Ja
Oppriggingstid
30 min.
Nedriggingstid
20 min.
Merknad
Elevane deler de inn klassevis / i naturlege grupper med elevar som kjenner kvarandre og er vande til å samarbeide.Spelemannen treng ein stol utan armlene. Det er ein fordel for danserne om dei kan danse på tregolv.Det er tre utøverar som kjem; to danserar og ein spelemann.
Arrangørar
Arrangert av:
Møre og Romsdal fylkeskommune
Medverkande
  • Anna Gjendem (Dansar)
  • Mathilde Øverland (Dansar)
  • Britt Elise Skram (Spelmann)
  • Jo Einar Sterten Jansen (Spelmann)
  • Hilde Fjerdingøy (Spelmann)