Møre og Romsdal fylkeskommune
Postadresse: Postboks 2500, 6404 Molde
Besøksadresse: Fylkeshuset, Kulturavdelinga, 6404 Molde
Kontaktperson:
Eg er eit hus
Produksjonsliste
Program

Eg er eit hus

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

"Eg er eit hus" er ein skapande malarverkstad der deltakarane arbeider saman med kunstnaren om å løyse ei oppgåve. Det handlar ikkje om prestasjon, men leik og undring for å oppdage noko om seg sjølv gjennom eigen kreativitet og skaparkraft. Her får elevane møte kunstnaren på verkstaden i ein arbiedsprosess og får erfaring i å ta opp impulsar som oppstår undervegs i arbeidet. Samarbeid med andre er viktig på ein kunstverkstad. Elevane kan velje å arbeide aleine med eigne bilete, eller saman med andre om eit større arbeid - "Eg er eit hus i ein by".

Bileta skal knyttast opp mot identitet - spegle den vi er, det vi kjenner at vi er, eller det vi helst vil vere. Eller kanskje staden vi har flytta ifrå, staden der vi bur no eller staden der vi gjerne skulle bu. Kvar elev måler sitt hus; Er eg eit einsamt hus? Eller eit trist hus? Eller er eg eit hus fullt av glede og lys?

Ein verkstadsdag inneheld verkstad for to grupper a 25 stk der kvar gruppe arbeider i to skoletimar. 50 elevar kan altså få tilbod i løpet av ein verkstadsdag.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Sissel Stangenes
  • Produsent: Kulturkvartalet og Kultursekken i Møre og Romsdal
  • I samarbeid med: Kulturkvartalet og Kultursekken i Møre og Romsdal
  • Idé/ opplegg: Sissel Stangenes

Om kunstnar / utøvar / gruppe


Medverkande

Multimedia og vedlegg

Bilete

Sissel Stangenes
Eg er eit hus 2
Eg er eit hus
Eg er eit hus
Foto: Sissel Stangenes
Visuell kunst
Trinn: 1 - 4
Turnéplan: Eg er eit hus H18
Praktisk informasjon
Kontaktperson utøvar
Sissel Stangenes, sistan@online.no, 971 60 557
Programlengde
2 skoletimar pr klasse
Maks publikumsantal
25
Arena / rom
Stort klasserom eller rom til kunst- og handverk
Er workshop
Ja
Oppriggingstid
45 min.
Nedriggingstid
30 min.
Merknad
Det må vere lagt til rette for arbeidsrom for verkstaden med tilgang til arbeidsbord/pultar og vatn. Det må vere rikelig med glass til skyllevatn og aviser/plast til å dekke bord og benkeplatar med. Dersom skolen vil ha arbeida montert som ei enkel utsmykking så må elevar og lærarar samarbeide om ferdigstilling i etterkant av maleverkstaden. Kusntanern kjem til skolen i god før start for å forberede verkstaden. Kunstnaren har med alt nødvendig maleutstyr.Opplegg: Sjå på og prate om bilete i ulike teknikkar som har hus som tema. Elevane måles så selv et bilete. Teknikken som vert nytta er akrylmaling på papir. Elevane målar kvart sitt bilete og tek med heim/heng att på skolen. Arbeid som ikkje vert ferdige må elevane kunne arbeide med i etterkant. Kunstnaren veileder elevane i arbeidet.Lærarane deltek på verkstaden saman med elevane og kunstnaren.
Arrangørar
Arrangert av:
Møre og Romsdal fylkeskommune
Produsent
Kulturkvartalet og Kultursekken i Møre og Romsdal
Medverkande
  • Sissel Stangenes (Billedkunstnar)