Møre og Romsdal fylkeskommune
Postadresse: Postboks 2500, 6404 Molde
Besøksadresse: Fylkeshuset, Kulturavdelinga, 6404 Molde
Langt inn i skogen den grønne
Produksjonsliste
Program

Langt inn i skogen den grønne

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Alf Prøysen er blant våre mest kjende forfattarar av viser, noveller og dikt. I 2014 var det hundre år sidan han vart fødd på husmannsplassen Prøysen i Hedmark! Mange barnehager og skoler nytter Prøysen sitt materiale, og i denne produksjonen vil vi friske opp nokre av skattane han har laga. Rensk stemma og førebu dykk på allsong! Og ver obs - det lurar ein pelskledd medspelar til i denne konserten som har sin heilt, eiga vilje ...

Lærarrettleiing

Syng med på konserten + tips til Prøysen-aktivitet

FOR BARNEHAGEN: Barnehagen kan førebu desse songane: Lille Måltrost, Soltrall, Nøtteliten, Hompetitten. Sjå songtekstene til høgre på sida.

FOR SKOLEN: Skolen kan førebu desse songane:
Lille Måltrost, I bakvendtland, Hompetitten, Nøtteliten og Mari du bedåre (vekselsang gutar og jenter).Sjå songtekstene til høgre på sida.                                     

For både skole-og barnehageversjonen går det an å lære eitt eller fleire vers, eller berre refrenget.                              

På NRK Super kan de også sjå to teiknefilmer med to av "våre" songar (klikk på linken): I bakvendtland   Nøtteliten

LÆREPLANMÅL: Lag ein eigen Prøysen-konsert!

I musikk-delen av Kunnskapsløftet ligger det ei forventning om at elevane skal framføre sjølv. Også Rammeplanen for barnehager  leggjer vekt på skaping i pkt.2.6 Barnehagen som kulturarena: Barnehagen skal formidle verdier og kultur, gi rom for barns egen kulturskaping og bidra til at alle barn får oppleve glede og mestring i et sosialt og kulturelt fellesskap.

TIPS:  Som eit konkret forslag, kan skolen eller barnehagen lage sin eigen Alf Prøysen-konsert! 

Ein kan t.d. ha tema-konsert om dyr, jul, skolen, årstider eller det å vere barn. Ein kan velge enklaste variant - å framføre songane som gruppe med enkelt akkopagnement, eller gjere ei framsyning ut av det med kostymer, scenografi,  enkelt manus, konferansier og rekvisitter.

Skolen kan også involvere elevane frå 5.-7.trinn til dette, foreldre og/eller kulturskole. Det er eit rikholdig materiale i sangbøker, små historier og rim/regler av Alf Prøysen.

Kvifor?

-Elevane får trening i å framføre og presentere for andre           -Elevane får brukt erfaringar og kunnskap i ein heilskapleg produksjon
-Elevane får trening i samarbeid med andre og i å respektere kvarandre sine sterke og svake sider
-Ved involvering av føresette, kan samarbeid mellom heim og skole bli styrka
-Gode opplevingar styrker skolen sitt læringsmiljø og sosiale miljø
-Skolen vil opparbeide rutiner og erfaringar for utvikling av prosjekter mellom skolen, kulturskolen og frivillige lag/foreiningar

Musisere: 1.-2.årstrinn og 3.-4.årstrinn:" delta i framføring med sang, samspill og dans"  og "framføre sang, spill og dans i samhandling med andre". Grunnleggende ferdigheter:
Å kunne uttrykke seg muntlig i musikk innebærer å synge, komponere ved å eksperimentere med stemmen og delta i samspill og vokal framføring. I tillegg dreier det seg om å kunne sette ord på hva en hører og selv ønsker å uttrykke og å formidle egne musikkopplevelser og refleksjoner om musikk som fenomen.

LUKKE TIL MED PRØYSEN-KONSERT!

Om utøvarar og produsentar


Om kunstnar / utøvar / gruppe

Beate Mordal er songar og Møremusikar. Ho syng klassisk musikk og elskar opera, men i denne konserten syng hos også visene til Alf Prøysen.  Beate er frå Molde men bur i København, der ho har studert. Vi får bruke henne over heile fylket når ho er i Noreg.

Asgeir er pianist og Møremusikar i Molde. Asgeir likar å spele både klassisk og rytmisk musikk, han komponerar musikk sjølv, og likar å spele både aleine og saman med andre. Asgeir har jobba med kor, vore på fleire turnear og undervist mange hundre elevar i pianospel!

Jøran er også Møremusikar, og bur og arbeider i Ålesund. Jøran  likar både å spele klassisk musikk, Klezmermusikk, og å synge! Korpsa er veldig glade i Jøran, for han hjelper dei ofte med å dirigere og å lære dei vanskelege låtane for dei ulike instrumenta.


Medverkande

  • Beate Mordal (vokal)
  • Møremusikar Jøran Hatten (klarinett, song)
  • Møremusikar Asgeir Hoffart (piano)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Alf Prøysen spiller gitar nede i steinrøysa nedi bakken.
Foto: Domkirkeoddens fotoarkiv, Aaserud, Ivar Domkirkeodden
Beate, Jøran og Asgeir på barnehageturne!
Foto: Ukjend
Kva vil Nøtteliten?
Foto: Lene T.Mordal
Musikk
Trinn: 4 år - 4
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Irene Myklebust, irene.myklebust@mrfylke.no
Kontaktperson utøvar
Asgeir Hoffart, tlf. 98 05 34 42
Programlengde
Skolekonserten tek ca 40 min. Barnehagekonserten tek ca.35 min.
Maks publikumsantal
160
Arena / rom
Gymsal eller liknande. I barnehagen treng vi eit stort rom.
Lydutstyr
Vi har med piano og alt anna sjølv.
Oppriggingstid
35 min.
Nedriggingstid
20 min.
Litteratur
For å nytte Prøysen sin rike song-og litteraturskatt i skulen/ barnehagen er det mykje å få kjøpt i vanleg bokhandel eller lånt på bibliotek. På Prøysenhuset i Hedmark er det mellom anna mulig å kjøpe og få tilsendt ein "Syng-med"-cd. Sjå linken http://nettbutikk.proysenhuset.no/collections/cd-dvd/products/viser-for-barn-2 Nytt gjerne elles også den rikhaldige informasjonen som ligger på denne siden: http://www.proysenhuset.no/
Merknad om publikumsplassering
Bygg opp amfi med matter, benkar og stolar. Det bør vere midtgang. Musikarane bør helst stå på langsiden på motsatt side av inngangen til salen.
Merknad
Som skolekonsert er dette for 1.-4.trinn. Max publikumstal er 160.Barnehagene får ein eigen barnehageversjon for 4-5 åringar. Max-tal for barnehage er 50.
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Møre og Romsdal fylkeskommune
Produsent
Lene T.Mordal, tlf. 71 25 88 53/ 482 96 853. E-post: lene.mordal@mrfylke.no
Medverkande
  • Beate Mordal (vokal)
  • Møremusikar Jøran Hatten (klarinett, song)
  • Møremusikar Asgeir Hoffart (piano)