Forfattar Maria Parr ⚪ ⚫ Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedleggLærarrettleiingFrå barnefantasi til barnebok Last ned: Om utøvarar og produsentar
Om kunstnar / utøvar / gruppeMaria Parr (f. 1981) er norsk barnelitteraturs nye superstjerne! Ho debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho blei tildelt både Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for. Bøkene til Parr er omsette til ei rekkje språk, og trass sin unge alder har ho alt vunne fleire litterære prisar enn dei fleste andre forfattarar gjer i løpet av eit heilt liv. Ho har blitt samanlikna med både Johanna Spyris (Heidi) og Astrid Lindgren. Parr er frå Fiskå i Vanylven. Ho har mastergrad i nordisk litteratur frå Universitetet i Bergen. Multimedia og vedlegg | ![]() Litteratur / Forfatterbesøk Trinn: 1 - 7 Turnéplan: Forfattarbesøk med Maria Parr -V18 Praktisk informasjon Programlengde 45 Maks publikumsantal 30 Arena / rom Klasserom (eventuelt lesekrok el. liknande om elevtalet tillet det, og det går praktisk greitt.) Arrangørar Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune |