Møre og Romsdal fylkeskommune
Postadresse: Postboks 2500, 6404 Molde
Besøksadresse: Fylkeshuset, Kulturavdelinga, 6404 Molde
Lurivar og det hemmelige skrinet
Produksjonsliste
Program

Lurivar og det hemmelige skrinet

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

I framsyninga får elevane møte tunkatten Lurivar som har med seg ein koffert med nynorske  biletbøker. Så dukkar kunstmålaren opp med staffeli og målesaker. Han har også med seg eit skrin han passar godt på. Kunstmålaren elskar illustrasjonane i biletbøkene Lurivar har med seg. Men Lurivar bryr seg ikkje så veldig om illustrasjonane i bøkene, han er mest interessert i orda og forteljingane. Han er også veldig nysgjerrig på kva som er oppi det hemmelege skrinet til kunstmålaren og pønskar ut ein måte for å lure til seg skrinet.

Saman presenterer kunstmålaren og Lurivar nynorske biletbøker for borna og boltrar seg i fantasifulle ord og flotte illustrasjonar. Vegar Hoel som spelar kunstmålaren, arbeider både som skodespelar og biletkunstnar. Under framsyninga teiknar/målar han bilete ut frå innspel elevane kjem med.

Framsyninga og samspelet mellom Lurivar og Kunstmålaren har eit humoristisk driv som gjer at elevane blir utrulig engasjerte.   «Lurivar og det hemmelege skrinet» er eit fengande, kulturelt tilbod til skulen sitt arbeid med å nå elevane sine læringsmål. Framsyninga formidlar både kunst, litteratur og musikk.

Den prislønte forfattaren Lars Mæhle har skrive manus til denne produksjonen, som har form som eit musikkteater med litteratur- og kunstformidling. Komponist Beate Lech har laga musikk til songane som blir brukt i framsyninga.

Produksjonen er laga av Nynorsk Kultursentrum med støtte frå Norsk Forfattarsentrum.

Lærarrettleiing

INFORMASJON OM SKULEBESØK

Sjølve besøket

Som de ser på turnéplanen, som Den kulturelle skulesekken i Møre og Romsdal fylke har sett opp for Lurivar og det hemmelege skrinet, varierer det kor mange framsyningar det er kvar dag. Ved fleire framsyningar på same skule bør aktørane få vere på same klasserom heile dagen. Pultane bør stå inntil veggen, og stolane stå i to-tre rekker i halvsirkel framfor området der aktørane skal vere. Alternativt kan borna sitje på matter på golvet. Aktørane treng om lag 4*5 meter golvplass. Framsyninga varer i om lag 40 minutt.

Aktørane kjem til skulen seinast 45 minutt før den første framsyninga den første dagen, og det er då viktig at dei møter ein kontaktperson ved skulen som viser dei kvar dei skal vere, og slepp å leite seg fram til nokon som kan hjelpe dei. Det er ønskjeleg at dei kan køyre til døra, og at kontaktpersonen hjelper til med å bere utstyr, opprigging og nedrigging. Lurivar og det hemmelege skrinet  har med seg to rullebanner, utstyr til musikkavspeling (treng tilgang til stikkontakt), kostymer, ein bokkoffert, eit staffeli og målesaker.. Elevane kjem inn i rommet etter at aktørane har sett opp utstyret.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Nynorsk Kultursentrum
  • I samarbeid med: Nynorsk kultursentrum med stønad frå Norsk Forfattarsentrum.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Lurivar: Lykke Kristine Moen frå Bergen er utdanna ved Bårdarakademiet si musikkteaterlinje. Etter utdanning har ho arbeidd som skodespelar, songar, instruktør, regissør og manusforfattar ved både institusjonsteater og privatteater. Hausten 2016 har ho vore aktuell i ei av hovudrollene i TV3-serien "Aber Bergen".

Kunstmålaren: Vegar Hoel frå Stavanger er skodespelar, regissør og biletkunstnar. Han har hatt hovudroller i ei rekkje norske filmar og kjend frå mellom anna filmane Mongoland, United, Umeå4ever, Børning 2 og Monstertorsdag.


Medverkande

Multimedia og vedlegg

Bilete

Lurivar.jpg
Litteratur
Trinn: 1 - 4
Praktisk informasjon
Kontaktperson utøvar
Programlengde
40-45 min
Maks publikumsantal
60
Arena / rom
Gymsal/stort klasserom
Berehjelp
Ja, 1-2 personar
Oppriggingstid
15 min.
Nedriggingstid
15 min.
Rom/areal, breidd, lengde, takhøgde, veggareal
Klasserom, 4 x 5 meter sceneareal
Merknad
Opne heile turnéplana for å sjå detaljar for inndeling av publikum.
Lenker
Arrangørar
Arrangert av:
Møre og Romsdal fylkeskommune
Medverkande
  • Vegar Hoel (Formidlar)
  • Lykke Kristin Moen (Formidlar)