Møre og Romsdal fylkeskommune
Postadresse: Postboks 2500, 6404 Molde
Besøksadresse: Fylkeshuset, Kulturavdelinga, 6404 Molde
Dokumentarfilmverkstad
Produksjonsliste
Program

Dokumentarfilmverkstad

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Frost media AS presenterer ein dokumentarfilmverkstad i Kulturlauget for 8. - 10. klassetrinn.

Velkommen til to dagar der elevane får tid og hjelp til å fortelje spennande og sterke historier frå sitt nærmiljø.

Kurshaldar; Eirik Vaage, masterutdanna i dokumentarfilm frå Høgskulen i Volda.

Om dokumentarfilmverkstaden:
Verkstaden gir eit teoretisk innsyn i dokumentarfilmen si verd, samtidig som det gir elevane tid til å skrive manus, filme, redigere og presentere eigne produksjonar.

Dei to fyrste timane vert brukt til å gi elevane ei framstilling av dokumentarfilmen sine ulike former (sjanger) og klassiske formgrep. Spennande filmsnuttar frå dokumentarfilmen si historie vert vist, frå 1895 og fram til i dag, akkompagnert av fascinerande historier.
Kurshaldar vil opne for diskusjon med klassa - målet med denne delen av kurset er å inspirere og gje eleven innsikt i mekanismane som ligg til grunn for dokumentarfilmen som eit hardtslåande medie og pådrivar i samfunnsdebatten.

I time tre vert klassa delt inn i grupper på fire eller fem elevar. Gruppa startar arbeidet med å velje tema. Dette er ein viktig fase i kurset og kurshaldarane vil hjelpe gruppene med å velje ein god og realistisk dokumentar-idé. Vi er svært interessert i dei kreative idéane, men vi ynskjer også realisme i idéen. Det er viktig for kurshaldar at alle gruppene meistrar å ferdigstille ein film.   

Ein gjennomgang av det nye flotte kamerautstyret vert gitt til fotografen i kvar gruppe, parallelt med manusutvikling.      

Time 4,5 og 6 er produksjonstid - research, intervju, opptak, gjennomgang av materiale, nye opptak, mm.

Det er viktig å halde fokus på historia som skal formidlast. Vi opplev ofte at elevane treng noko hjelp til å etablere ei god forteljarlinje i filmen. I mange tilfelle må gruppene ta supplerande opptak etter ein gjennomgang av materialet dei har filma. Dette er ein viktig prosess som vi håper elevane har utbytte av. 


Dag to startar med ein gjennomgang av Final Cut software. Elevane får no gjennomgå ein kreativ prosess der forteljarlinja i filmen skal plasserast på tidslinja. Dette krev felles innsats og fokus. Vi vil hjelpe elevane å fokusere på historieformidling framfor software-effekter.  

Slutten av dagen går med til presentasjon av dei ferdige filmane. Kvar gruppe må fram å presentere val av tema og snakke litt om produksjonen. Om det er tid ynskjer vi ein klassediskusjon på tema i filmen og korleis dette vart formidla.

For elevane er det spennande å presentere filmen sitt bodskap, val av forteljargrep og dei utfordringane dei møtte på under produksjonen. 


Vi ynskjer at klasseforstandar har delt opp klassa i fire-fem grupper (minimum 4 elevar i kvar gruppe) før kurset startar. Kvar gruppe må også ha valt fotografen. Det er også svært gunstig dersom kvar gruppe har tenkt ut 2-3 potensielle filmidéar før kurset. Vi trenger likevel tid til manus/idéutvikling ettersom elevane som regel trenger hjelp til å ferdigstille eit realistisk manus.


Pris for verkstaden er 8.500 ,- for 2 dagar med verkstad pr gruppe på maks 30 elevar. Det er to verkstadsleiarar til stades under verkstaden.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Frost Media
  • I samarbeid med: Møre og Romsdal Fylkeskommune

Om kunstnar / utøvar / gruppe


Medverkande

  • Frost Media
  • Eirik Vaage (Verkstadsleiar)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Dokumentar I
Dokumentar II
Annet
Trinn: 8 - 10
Praktisk informasjon
Kontaktperson utøvar
Eirik Vaage Mob: 473 95 073
Programlengde
2 dagar pr gruppe på maks 30 elevar
Maks publikumsantal
30
Er workshop
Ja
Pris
Kr 8.500 ,- (2 dagar) med 30 elevar
Merknad
Max 30 elevar i 2 dagar.
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Møre og Romsdal fylkeskommune
Medverkande
  • Eirik Vaage (Verkstadsleiar)