Møre og Romsdal fylkeskommune
Postadresse: Postboks 2500, 6404 Molde
Besøksadresse: Fylkeshuset, Kulturavdelinga, 6404 Molde
Animert spenning - Vestnes kulturskule
Produksjonsliste
Program

Animert spenning - Vestnes kulturskule

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Verkstaden startar opp med at elevene får sjå eksempel på animasjonsfilmar og animasjonsteknikkar i samla gruppe.

I samla gruppe lagar vi også historia vi skal lage film av.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Produsent: Vestnes kulturskule
  • I samarbeid med: Kultursekken i Møre og Romsdal og Kulturskolerådet Møre og Romsdal
  • Idé/ opplegg: Utøvarane / Vestnes kulturskule

Om kunstnar / utøvar / gruppe


Medverkande

  • Olla Rypdal (Regissør / Produsent)
  • Mette Mjelve (Historieskapar / Animatør)

Monteringsanvising

Animasjon – og historieskaping

Heile gruppa startar dagen med oppvarmingsleikar og øvingar / innfalssvinklar til det å lage ei historie.

Heile gruppa lagar også historia saman. Historia blir delt opp i fleire episodar/scener.

Elevane utfører alle prosessane som skal gjerast frå historie til ferdig film.

Alle elevane lagar figurane som skal vere med i historia / filmen – og også scenografien til dei ulike episodane.

Alle skal også lage ”storyboard” – manuset med oversikten om alt som skal skje i filmen.

Elevane blir så inndelt i grupper – der ei gruppe om gongen får arbeide med animasjonskassa.

Medan gruppene vekslar på å arbeide med animasjonskassa og sjølve filminga, er dei andre elevane opptatt med å lage "The red carpet interview". Dei lagar kinoplakatar, cover til dataspel basert på filmen, lærer intervjuteknikkar, korleis henvende seg til kamera, dei filmar intervjet og lærer korleis ein regissør jobbar.

På denne måten får elevane eit tett forhold til historia og filmen dei lagar.

Når alle scenene er filma, skal elevane gruppevis også finne / lage  lydane/musikken til filmen.

Når filmen er laga redigerer vi den i fellesskap.

Så er det klart for filmpremiere!

Multimedia og vedlegg

Bilete

Animert1.jpg
Animert2.jpg
as2
Foto: bes
animasjon olla
Animert3.jpg
Annet
Trinn: 1 - 7
Praktisk informasjon
Kontaktperson utøvar
Mette Mjelve / 90 20 40 77
Programlengde
To skuledagar
Maks publikumsantal
25
Arena / rom
To store klasserom
Er workshop
Ja
Oppriggingstid
30 min.
Nedriggingstid
30 min.
Pris
Kr. 8500.- for to dagar.Kan bestillast til alle kommunar
Arrangørar
Arrangert av:
Møre og Romsdal fylkeskommune
Produsent
Vestnes kulturskule
Medverkande
  • Olla Rypdal (Regissør / Produsent)
  • Mette Mjelve (Historieskapar / Animatør)