Møre og Romsdal fylkeskommune
Postadresse: Postboks 2500, 6404 Molde
Besøksadresse: Fylkeshuset, Kulturavdelinga, 6404 Molde
Kontaktperson:
Harlekins farfar
Produksjonsliste
Program

Harlekins farfar

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • I samarbeid med: Kunstmuseet KUBE
  • Idé/ opplegg: Karin Nogva arbeider med figurar i form av papirklipp og forteljing.  Fortellingane handlar om farfaren hennar, som gjorde mykje som ho syns var spennande då ho var lita. Ho fortel desse historiene ved hjelp av papirklipp på lysbord.Farfaren, som har fått ei artig harlekindrakt, og andre figurar blir prosjektert på vegg og får liv som i ein animasjon. I utstillinga blir elevane oppfordra til å tenke over sine eigne historier, gjerne personar som står ein nær slik som besteforeldre eller andre eldre.I tillegg blir elevane kjende med papirkunst. Karin Augusta Nogva er veldig glad i papir. Papir kan ha mange ulike kvalitetar og brukast til så mykje! Tjukt og mjukt papir kan bli til ein fin kjole med harlekinmønster. Stivt papir kan bli til ei bok der Karin kan gøyme små papirklipp som ho har arbeidd med lenge. Når ho bretter ut boka, blir boka ein stjerneskulptur. Stjerna blir eit lite galleri der ho kan vise fram papirklippa ho har laga. Kvart klipp er eit lite kunstverk, eit utskore og gjennomskineleg bilete som gøymer noko endå skjørare enn det tynne og utskorne papiret; minna om farfaren hennar.

Om kunstnar / utøvar / gruppe


Medverkande

  • Karin Augusta Nogva

Multimedia og vedlegg

Bilete

Harlekins farfar

Video/Lyd

Visuell kunst
Trinn: 1 - 7
Praktisk informasjon
Kontaktperson utøvar
Karin August Nogva, mobil: 90951346
Programlengde
45
Maks publikumsantal
30
Oppriggingstid
10 min.
Nedriggingstid
10 min.
Arrangørar
Arrangert av:
Møre og Romsdal fylkeskommune
Medverkande
  • Karin Augusta Nogva