Møre og Romsdal fylkeskommune
Postadresse: Postboks 2500, 6404 Molde
Besøksadresse: Fylkeshuset, Kulturavdelinga, 6404 Molde
Den skjelvande kongen
Produksjonsliste
Program

Den skjelvande kongen

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Korleis kan vi varme kongen, han som er så rik og har alt? I det ungarske eventyret treffer vi ein konge som frys så han skjelv, men gjennom musikk skal vi forsøke å hjelpe han.

Lærarrettleiing

Førebuingar til konserten

Musikarane inviterer alle barna til å bli med og synge 3 songar:

Bjørnen sover. Fløy en liten blåfugl (2 vers). Per Spelmann. Tekstene finn de vedlagt.

Musikarane treng også hjelp av eit barn eller ei gruppe av barn til å seie ei tekst undervegs i konserten. Musikarane vil før konserten snakke med barna og gjere avtaler for når og korleis dette skal skje. Denne teksta er:

"Herr Konge, tøyet til dokka mi er vått! Det regner jo inn, fordi taket på huset mitt er ødelagt" !

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Produsent: Lene E.Torgersen Mordal
  • Idé/ opplegg: Produsent i samarbeid med musikarane.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Judit Sylthe er  frå Ungarn. Ho har si utdanning frå musikkfagleg skule i Ungarn og musikkonservatoriet i Trondheim. Ho har sin bakgrunn i klassisk musikk som fiolinist, og vert mykje bruka innanfor kammermusikk og orkester. Judit vart Møremusikar i Møre og Romsdal fylkeskommune i 1991.

Mads Wighus er klassisk songar, og i 2014 vart han tilsett som Møremusikar i Møre og Romsdal fylkeskommune. Han har bakgrunn som tenor-og barytonsolist, sunge opera, men har også undervisningserfaring og utdanning innafor musikkbarnehage.Mads er allsidig og trakterer mange instrument, deriblant piano, fiolin, gitar, bass, trommer/perkusjon og munnharpe. Han spelar også bajas i meir eller mindre passande situasjonar. Og tilslutt: Yndlingsplagget er: Flosshatt!

 


Medverkande

  • Judit Toth Sylthe (fiolin)
  • Mads Wighus (song)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Den skjelvande kongen!
Foto: Lene T.Mordal
Den skjelvande kongen
Foto: Judit T.Sylthe
Judit Sylthe
Foto: Magnus Skrede
Mads Wighus
Foto: xx
Musikk / Klassisk musikk
Trinn: 4 år - 5 år
Praktisk informasjon
Programlengde
30 min
Maks publikumsantal
50
Arena / rom
Eit litt stort rom i barnehagen.
Oppriggingstid
30 min.
Nedriggingstid
20 min.
Merknad
Alle barn som skal på konsert får ei postkorthelsing med seg heim i forkant av konserten. Dersom barnehagen treng fleire postkort, ta kontakt med oss i Kultursekken, kultursekken@mrfylke.no
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Møre og Romsdal fylkeskommune
Produsent
Lene E.Torgersen Mordal
Medverkande
  • Judit Toth Sylthe (fiolin)
  • Mads Wighus (song)