Møre og Romsdal fylkeskommune
Postadresse: Postboks 2500, 6404 Molde
Besøksadresse: Fylkeshuset, Kulturavdelinga, 6404 Molde
Kontaktperson:
Djupdykk blant mystiske vesen i Blåmyra
Produksjonsliste
Program

Djupdykk blant mystiske vesen i Blåmyra

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Det er ikkje fast fisk alt som rører seg i sjøen, eller berre kverna som mel på havsens botn.

Gjennom ein times djupdykk får tilhøyrarane stifte kjennskap med eit engere utval av dei underlege, trolske og fryktinngytande skapningane vi må ut i det ville havgapet på Sunnmørskysten for å få auge på.  Slike som Kraken, Draugen, Havbokkjen, Marmælen, Margygra og fleire til.

Ispunne vitnesbyrd om truverdige sjøfolk sine møte med desse underlege og mektige skapningane, får publikum og lære litt av kvart om gamle merke på godt og ringt fiske, og om magi som fremjar lukke eller kan føre til ulukke til havs.

Visste du til dømes at blodpølse er stormmat? Greit å vite i tilfelle det skulle havne ei slik i nistedåsen neste gong du skal ut i båt!
Segntradisjonane og folketrua om dei løyndomsfulle kreftene tilknytta det blå djupet har vore levande blant kystfolket heilt opp til vår nære fortid.  For å rå med naturkreftene har det å kunne lese merka i naturen, veret, vinden og sjøen til alle tider vore livsviktig kunnskap i kystfolket sin kamp for tilveret. Ein kunnskap vi moderne menneske óg kanskje har noko å lære av?

Kraftfulle historier er det i alle fall, så velkomen til ein time med
garantert sjøgong. 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Forteljar Guri Aasen

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Guri Aasen er utdanna førskulelærar med mellomfag i Teater for barn og halvårseiningar i Barnelitteratur med drama samt Munnleg forteljing ved Høgskulen i Oslo. Ho har ei brei arbeidserfaring frå skuleverket, og m.a. som kultururkonsulent i St. Hanshaugen bydel i Oslo og dagleg leiar i Herøyspelet. I dag arbeider ho som frilans kulturaktør/forteljar. Som forteljar har ho sett opp ei rekkje framsyningar, åleine og saman med andre forteljarar, skodespelar og musikar. Framsyningane spenner frå folkeeventyr til segner og mytologi, og har vore retta mot tilhøyrarar/ grupper i “ alle aldrar”, frå barnehage til næringsliv.


Medverkande

  • Forteljar Guri Aasen
  • Guri Aasen (Formidlar)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Draugen
Foto: Teodor Kittelsen
Carta Marina
Foto: Olaus Magnus
Vestafor måne
Foto: Guri Aasen
Kulturarv
Trinn: 3 - 4
Praktisk informasjon
Kontaktperson utøvar
Guri Aasen Tlf: 93 60 67 15 E-post: guri-ass@online.no
Programlengde
45 min.
Maks publikumsantal
60
Arena / rom
Klasserom/auditorium
Oppriggingstid
30 min.
Nedriggingstid
15 min.
Litteratur
Bakgrunnstoff/ kjelder:
Arnold Farstad : Havuhyre
Martin Bjørndal: Segn og tru
Jørgen Gjerding: Segner frå Sunnmøre
Tor Erik Standal: « Bokkjen kunne være både troll og menneske» - en analyse av
fortellertradisjonen om bokkjen
Ørnulf Hodne: Det gåtefulle Norge
Scenebreidde i meter
3-4
Scenedjupne i meter
2-3
Merknad
Plassering av publikum: I klasserom er det ynskjeleg at pultar er fjerna og at elevane sit på stolar, om muleg i hestesko. I gymsal plassert på stolar / benkar heller enn på madrasser om dette er muleg.
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Møre og Romsdal fylkeskommune
Medverkande
  • Guri Aasen (Formidlar)