Møre og Romsdal fylkeskommune
Postadresse: Postboks 2500, 6404 Molde
Besøksadresse: Fylkeshuset, Kulturavdelinga, 6404 Molde
Kontaktperson:
Frå hovud til hand
Produksjonsliste
Program

Frå hovud til hand

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Kunstnaren Terese Longva inviterer til ein verkstad der elevane lærer å gravere på glass med graverpenn. Elevane får tid til å prøve seg fram, slik at dei blir kjende med glaset sine eigenskapar og mogleheiter som materiale.

løpet av 90 minutt tek kunstnaren, elevane med seg gjennom ei reise om kva kunst kan vere, kven vi er og korleis handa, materialet og verktyet er med på å endre tenkinga vår. Vi skal jobbe med sjølvportrett som tema. Det vil bli ein presentasjon av ulike sjølvportrett frå kunsthistoria. Deretter vil vi ha ein dialog rundt kva sjølvportrett kan vere. Kvifor jobbar så mange kunstnarar med sjølvportrett som tema? Dette er ein verkstad som byrjar med ein samtale og munnar ut i praktisk deltaking, der elevane lærer å overføre sjølvportretta sine til glas ved hjelp av ein graverpenn. Elevane får tid til å prøve seg fram, slik at dei blir kjend med korleis materialet, verktyet og handa er med på å endre ideane våre og påverke det ferdige resultatet.   

Elevane gir nytt liv til gamle medbrakte sylteglas og vert oppfordra til å gravere noko som fortel om dei sjølve. Slik blir dei også introdusert for sjølvportrettet si rolle i kunsthistorien. 

Elevane får ei unik mogelegheit til å jobbe med graverteknikk og glas. Det er lagt stor vekt på at elevane, gjennom eige arbeid, skal utforske kunsten sine mogelegheitar.

Elevane får høve til å gi nytt liv til gamle sylteglas gjennom å graverteknikk, glas og teikning. Dei vert oppfordra til å gravere noko som fortel om dei sjølve.

Lærarrettleiing

Om vandreverkstaden: «Frå hovud til hand»

​​​​​​​FØREBUING TIL Den Kulturelle Skulesekken:

Før eg startar: Hjelp til å bere utstyr, både når eg kjem og når eg og reiser. 30 minutt til klargjering av klasserom; oppsetting av utstyr og testing av det tekniske.

LÆRARRETTLEIING:

Eg treng projektor til framvising av presentasjon.
Skulen stiller med saks, teip, og teiknepapir.
Elevane stiller med blyant og viskeler.
Elevane må ha med seg to tomme sylteglas, helst så store så mogleg, med glatt overflate, stor opning og utan etikett og mønster. Det er fint om lærarane tek med seg nokre i reserve i tilfelle nokon har gløymt å ta med).
Om det er to verkstader etter kvarandre, så bør ein bruke same rommet.
20 minutt opprydding.

Last ned:

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune

Om kunstnar / utøvar / gruppe

 Terese Longva (f. 1976) har si utdanning frå Kunst- og designhøgskulen i Bergen, New York State College of Ceramics ved Alfred University i USA, Edinburgh College of Art i Skottland og Kosta Glass School i Sverige. Ho er i dag busett i Bergen og på Longva. Dei siste åra har ho arbeid mykje med video og performance, og ho har hatt fleire utstillingar både i USA og Europa.


Medverkande

  • Terese Longva (Kunstnar)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Foto: Harald Dyrkorn
Foto: Harald Dyrkorn
Visuell kunst
Trinn: 5 - 7
Praktisk informasjon
Programlengde
90
Maks publikumsantal
30
Arena / rom
Klasserom
Er workshop
Ja
Berehjelp
Ja
Oppriggingstid
30 min.
Nedriggingstid
20 min.
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Møre og Romsdal fylkeskommune
Medverkande
  • Terese Longva (Kunstnar)