Møre og Romsdal fylkeskommune
Postadresse: Postboks 2500, 6404 Molde
Besøksadresse: Fylkeshuset, Kulturavdelinga, 6404 Molde
Digital teikning
Produksjonsliste
Program

Digital teikning

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Kurset “Digital teikning” i Kulturlauget er ei innføring og ein smakebit på eit område innan bruk av datateknologi for å utfolde seg kreativt. Kurset skal gje ein kort, men inspirerande introduksjon til det å teikne med hjelp av eit digitalt teiknebrett og ein digital penn, og få eit lite innblikk i medieindustrien som brukar disse verktya til dagleg i sin produksjon. Det kan vere alt frå kjende teikneserier, animasjonsfilmar og spelefilmar som kanskje elevane allereie har sett.

Kurset strekk seg over 3 skuletimar, der hovudvekta ligg på det praktiske. Kurset tek føre seg ein liten introduksjonfase gjort av kurshalder i starten av den fyrste timen, resterande tid vert sett av til at elevane skal få prøve ut teknologien med artige arbeidsoppgåver på eigenhand. Det er ein føresetnad at lærarar deltek aktivt på verkstaden.

Verkstadsleiarane har med seg naudsynt utstyr, men det er også ein føresetnad for å kunne bestille kurset at skolen har datarom med nok datamaskinar til at elevane kan arbeide kvar for seg eller to og to pr maskin. Verkstadleiar vil ta kontakt med skolen på førehand for å avklare nedlasting av naudsynt programvare.

Verkstaden kostar 4 500,- pr dag. Verkstadleiaren kan ha to verkstader pr dag der kvar gruppe pr verkstad kan vere på 30 elevar. Ein verkstad varer i 3 skoletimar.

Nederst på sida finn de ein detaljert presentasjon av kurset sitt innhald og form.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Frost Media
  • Produsent: Frost media

Om kunstnar / utøvar / gruppe


Medverkande

  • Frost Media
  • Eirik Vaage (Verkstadleiar)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Digital Teikning
Annet
Trinn: 5 - 7
Praktisk informasjon
Programlengde
3 skuletimar
Maks publikumsantal
30
Arena / rom
Datarom med nok datamaskinar til at elevane kan arbeide maks to og to pr maskin.
Er workshop
Ja
Pris
Kr 4 500,- pr dag. (Inntil to verkstader pr dag)
Merknad
30 elevar pr gruppe.
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Møre og Romsdal fylkeskommune
Produsent
Frost media
Medverkande
  • Eirik Vaage (Verkstadleiar)