Møre og Romsdal fylkeskommune
Postadresse: Postboks 2500, 6404 Molde
Besøksadresse: Fylkeshuset, Kulturavdelinga, 6404 Molde
Kontaktperson:
Forteljingar på «F»!
Produksjonsliste
Program

Forteljingar på «F»!

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Dette er ein verkstad der vi skal arbeide med dei gode idéane og få fart på fantasien! Alle har hovudet fullt av historier og vi skal bruke nokre ”knep” for å hente dei fram.

Gjennom mange ulike innfallsvinklar, ordleikar, assosiasjonar, underlege gjenstandar, skriveøvingar og improvisasjonar skal vi arbeide med forteljingane – og samtidig bli kjent med strukturen i ei historie, skildring av personar, stader, opplevingar, møter, stemningar – og det som ellers høyrer med i ei god historie.

Med elevane på barnetrinnet vil vi arbeide mest «på golvet» og få innhald til historiene våre med ord- og teaterleikar, gjenstandar og spennande oppgåver.

På mellomtrinnet vil vi også arbeide praktisk, og «på golvet», men gå meir inn i strukturane ei god historie inneheld og fordjupe oss meir I enkelte teknikkar.

Det meste går føre seg muntleg, vi treng berre blyant og ark til enkelte små gruppeoppgåver.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Olla Rypdal

Om kunstnar / utøvar / gruppe


Medverkande

  • Olla Rypdal
  • Olla Rypdal

Multimedia og vedlegg

Bilete

Forteljingar på f.jpg
Annet
Trinn: 1 - 7
Praktisk informasjon
Programlengde
5 skuletimar
Maks publikumsantal
30
Arena / rom
Eit stort klasserom der borda er flytta ut eller plassert langs veggane. Stolane plassert i ein halvsirkel med plass til alle. Golvplass nok til at elevane kan ha aktivitet og korte gruppearbeid på golvet.
Pris
Pris 2018/2019: 4.500,-
Arrangørar
Arrangert av:
Møre og Romsdal fylkeskommune
Medverkande
  • Olla Rypdal