Møre og Romsdal fylkeskommune
Postadresse: Postboks 2500, 6404 Molde
Besøksadresse: Fylkeshuset, Kulturavdelinga, 6404 Molde
Kontaktperson:
BB7 – Ein poesiverkstad med Endre Ruset og Joakim ...
Produksjonsliste
Program

BB7 – Ein poesiverkstad med Endre Ruset og Joakim Kjørsvik

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Gjennom skriveøvingar som tar utgangspunkt i fem utvalgte dikt av Bjørnstjerne Bjørnson, skal elevane arbeide med poesi og legge grunnlaget for deling av eigne ord.

Det blir arbeidd med: 

  • å skrive
  • å lese for seg sjølv 
  • å lese for andre
  • å la andre lese

Gjennom kurset blir skulen og elevane kjende med lokale forfattarar (dei som gjennomfører kurset), får kunnskap om regional litteraturhistorie (fokuset på Bjørnson sine dikt), får utfalde seg kreativt (skriveoppgåver knytta til dikta) og lærer om poetiske verkemiddel (vi får elevane til å lese sine tekster og gir respons med fokus på verkemiddel elevane har brukt).

Målet med verkstedet er: 

  • å formidle Bjørnstjerne Bjørnson sin poesi gjennom poetisk dialog 
  • å fremme elevane si forståing av poesi som kunstform
  • å lære noko om korleis uttrykke seg ved å skrive poesi

Til bruk i poesiverkstaden blir det laga eit elevhefte, Diktene mine, med fem Bjørnson- dikt: «Jeg velger meg April «–I skogen», «Træet stod ferdig», i tillegg til to andre Bjørnsondikt.

Det blir også laga eit metodeheftet til produksjonen: Skriv poesi – med Bjørnstjerne Bjørnson. Dette metodeheftet er meint å vere ein ressurs for lærerar og andre interesserte. Målet er at det skal inspirere til å arbeide med poesi, med utgangspunkt i Bjørnstjerne Bjørnson sine dikt.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Idé/ opplegg: Forfattarane i samarbeid med Bjørnsonfestivalen.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Forfattarane og Poetane Endre Ruset og Joakim Kjørsvik er frå Molde og Ålesund. Begge har fleire utgivelsar bak seg, har deltatt på Bjørnsonfestivalen fleire gonger, og begge har ikkje minst, lang lang erfaring med skrivekurs.

​​​​​​​

Medverkande

Multimedia og vedlegg

Bilete

Endre Ruset
Foto: Magnus Stivi
Joakim Kjørsvik
Foto: Tove Sivertsen
Annet
Trinn: 7 - 7
Praktisk informasjon
Kontaktperson utøvar
Programlengde
4 timar
Maks publikumsantal
30
Arena / rom
Klasserom/ skulebibliotek
Pris
Pris: 4.500,-
Arrangørar
Arrangert av:
Møre og Romsdal fylkeskommune
Medverkande
  • Endre Ruset (utøvar)
  • Joakim Kjørsvik (utøvar)