Møre og Romsdal fylkeskommune
Postadresse: Postboks 2500, 6404 Molde
Besøksadresse: Fylkeshuset, Kulturavdelinga, 6404 Molde
Kontaktperson:
KULTURTORGET 2018: Julius - nesten et menneske
Produksjonsliste
Program

KULTURTORGET 2018: Julius - nesten et menneske

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Sjimpansen Julius fekk ein vond start på livet. Avvist av mora og med ein valdeleg far måtte han flytte inn hos to menneskefamiliar.  Gjennom TV blei Julius ein norsk A-kjendis på 80- og 90-talet. Men han sleit med å finne plassen sin i flokken. I dag lever Julius som alfasjimpanse og tobarnsfar. Han er framleis Noregs mest kjende dyr.

Som første dyr i Noreg fekk Julius sin eigen biografi. Ved hjelp av internasjonal sjimpanseforsking prøver Fidjestøl å finne ut kva som går føre seg i hovudet på ein sjimpanse som Julius. Det har blitt ei fascinerande og tankevekkjande historie, om det evige spelet om status og makt, om kjærleikslengt og sex, om einsemd, død og sorg.

Gjennom forteljinga om livet til Julius får vi eit unikt innblikk i kva det vil seie å vere nesten menneske.


Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Alfred Fidjestøl

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Alfred Fidjestøl (f. 1973) har gitt ut kritikarroste biografiar og historieverk om menneske og kulturinstitusjonar. I 2014 blei Fidjestøl den første sakprosaforfattaren nokosinne til å motta Gyldendals Sult-pris.

Fidjestøl er journalist, filosof, biograf og sakprosaforfattar. Han er utdanna cand. philol. med filosofi som hovedfag frå Universitetet i Oslo.

Han har skrive historieverk om Det norske teatret og Norsk kulturråd, og biografi om Per Sivle samt om kretsen rundt Arne og Hulda Garborg.

Multimedia og vedlegg

Bilete

Alfred Fidjestøl.jpg
Foto: Agnete Brun
Nesten menneske. Biografien om Julius
Foto: Samlaget
Litteratur / Forfatterbesøk
Trinn: VG1 - VG3
Praktisk informasjon
Arrangørar
Arrangert av:
Møre og Romsdal fylkeskommune