Møre og Romsdal fylkeskommune
Postadresse: Postboks 2500, 6404 Molde
Besøksadresse: Fylkeshuset, Kulturavdelinga, 6404 Molde
Utanforverda - Vestnes kulturskule
Produksjonsliste
Program

Utanforverda - Vestnes kulturskule

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Ein verkstad som kombinerar historieskaping, teater og visuell kunst.

Historiene om Harry Potter, den magiske verda  Narnia – eller Tolkien sitt univers er kjent for dei fleste.

Denne verkstaden utforskar strukturane som kan brukast til å skape ei eiga, ny verd gjennom historieskaping, teater og visuelle uttrykk.

Verkstaden startar med at utøvarane presenterer ei rammehistorie om eit forskarteam som er i Antarktis og forskar på det som skjer når isen er i ferd med å smelte. Elevane får vere med på å opne ei mystisk pakke fra teamet.  I pakken ligg eit brev, ein godt innpakka gjenstand og ein dvd. Vi ser videoen – ein filma kunstinnstallasjon – som gir assosiasjonar til  global oppvarming, omforming av natur, issmelting – og ein spire til ei ny, annleis verd.

I samla gruppe undrar vi oss, fabulerar saman –  koordinerer  idéar – og bygg ramma for verda vår: Kva slags verd ønskjer vi oss? Korleis ser den ut? Korleis er landskapet? Korleis kjem vi oss dit? Korleis ser innbyggarane ut? Kva arbeider dei med? Har nokon av innbyggarane magiske evner? Kva går føre seg i det hemmelege laboratoriet? Kva lurer i mørkret? Er det ein ytre fare som truar verda?

Deretter blir elevane delt i to grupper.

Den eine gruppa arbeider med å lage verda visuelt ved å kombinere to- og tredimensjonale konstruksjonar.

Den andre gruppa arbeider med det tekstlege og sjølve historia om verda vår og det som hender der: strukturar, hovedpersonar og skildringar – og lagar ein teaterimprovsasjon.

Gruppene vekslar mellom desse aktivitetane.

Til slutt vil ’Utanforverda’ stå fram med ei spennande handling i et visuelt landskap som begge gruppene presenter i fellesskap.

Arena/rom: to klasserom der ein kan rydde golvplass etter behov. Det eine rommet for kunstverkstaden – det andre rommet for å arbeide med tekst og improvisasjonsteater.

Utsyr: utøvarane tar med alt utstyr som trengs.

Pris : Kr 4.500.- pr dag

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Tarjei Rypdal Eide og Olla Rypdal
  • Produsent: Vestnes kulturskule

Multimedia og vedlegg

Bilete

utanforverda2.jpg
Utanforverda.jpg
utanfor3.jpg
utanfor4.jpg
utanfor5.jpg
Annet, Visuell kunst
Trinn: 3 - 7
Praktisk informasjon
Programlengde
5 timar
Maks publikumsantal
30
Arena / rom
To klasserom der ein kan rydde golvplass etter behov. Det eine rommet for kunstverkstaden – det andre rommet for å arbeide med tekst og improvisasjonsteater
Er workshop
Ja
Merknad
Pris : Kr. 4.500.- pr dag
Kan bestillast i heile fylket
Lenker
Arrangørar
Arrangert av:
Møre og Romsdal fylkeskommune
Produsent
Vestnes kulturskule