Møre og Romsdal fylkeskommune
Postadresse: Postboks 2500, 6404 Molde
Besøksadresse: Fylkeshuset, Kulturavdelinga, 6404 Molde
Remember me - ein sopran og ti strengar
Produksjonsliste
Program

Remember me - ein sopran og ti strengar

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Tre musikarar, tre instrument og tre stilartar innafor den klassiske musikken blir presentert i den nye skolekonserten «Remember me – ein sopran og ti strengar».

Møremusikar og songar Beate Mordal, fiolinist Odd Sonntag og gitarist Nils Klöfver framfører musikk frå Spania , Skandinavia og perler frå operalitteraturen.

Frå det djupaste djupe og til dei store høgdene i kjensleverda håpar vi at publikum i denne konserten blir utfordra og inspirert – kun ved å lytte og sjå!

Lærarrettleiing

Repertoaret

Dersom de vil fordjupe dykk i verkene som blir spelt i denne konserten, ser lista slik ut:

Svensk folkesong: Limu Limu Lima

Manuel de Falla: frå Siete canciones Espanolas

G.F.Händel: Rejoice frå Messias.

Wilhelm Petterson Berger: Lawn Tennis

Edvard Grieg: Solveigs sang frå Peer Gynt

Henry Purcell: Thy hand, Belinda/When I'm laid in earth (med "Remember me") frå Dido og Aeneas

George Bizet: Chanson Boheme frå Carmen



Last ned:

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Produsent: Lene T.Mordal, Møre og Romsdal fylkeskommune.
    lene.mordal@mrfylke.no, tlf. 71 28 03 22 / 482 964 853
  • Idé/ opplegg: Musikarane saman med produsent Lene T.Mordal

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Beate, Odd og Nils er allereie ein kammermusikk-trio, med den sjeldne og innovative besetninga song - fiolin - gitar. Dei har ein felles link til Sverige, difor var det naturlig å jobbe saman om eit nytt prosjekt.

Sopranen Beate Mordal er tilsett som Møremusikar i Møre og Romsdal fylkeskommune. Ho kjem frå Molde, og har si solistutdanning frå operaakademiet i København. Ho har allereie rokke å ha fleire flotte solistroller i England, Frankrike og Danmark. I fylket vårt gjer ho ulike oppdrag, som konferanseinnslag, konsertar, barnehageturné og prosjekt gjennom Operaen i Kristiansund.

Odd og Nils har sjølv arrangert (= skrive om) mykje av musikken til denne konserten!

Odd Sonntag er fiolinist ved Operaen i Kristiansund. Han kjem frå Borlänge i Sverige, og har studert ved NTNU i Trondheim, Göteborg i Sverige og Bremen i Tyskland. Han er spesielt interessert i klassisk samtidsmusikk, men også korleis ein framfører tidlig-musikk slik praksisen var dengong. Odd er også orkestermann og med på alt som Operaens Sinfonietta gjer i Kristiansund - er genuint oppteken av alt som har med musikk og musikkformidling å gjere!

Nils Klöfver er frilans-gitarist med base i London. Han er også frå Borlänge i Sverige, og utdanna seg ved Royal College of Music. Debuten var i Wigmore Hall, og han har turnert i Europa, Amerika og Japan. Å spele kammermusikk er blant favorittane, og han har spelt inn musikk og gitt ut på forlag fleire arrangement for ensembler med gitar. I denne konserten bruker Nils vanlig klassisk gitar med 6 strenger, men han spiller også alt-gitar, 11 strengar.


Medverkande

  • Beate Mordal (Song)
  • Odd Sonntag (Fiolin)
  • Nils Klöfver (Gitar)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Beate Mordal, Nils Klöfven, Odd Sonntag
Foto: Birger Holo
Beate, Nils, Odd
Foto: Birger Holo
Musikk
Trinn: 8 - 10
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Lene T.Mordal, tlf. 71 28 03 22 / 482 96 853
Kontaktperson utøvar
Odd Sonntag, tlf. 979 33 975
Programlengde
40 minutt
Maks publikumsantal
200
Arena / rom
Gymsal eller liknande med flatt golv. Publikumsoppsettet er viktig, sjå teikning.
Oppriggingstid
30 min.
Nedriggingstid
15 min.
Rom/areal, breidd, lengde, takhøgde, veggareal
Det bør vere flatt golv på denne konserten. Musikarane har ein regi der dei forflyttar seg i eit ope rom med publikum rundt.
Merknad om publikumsplassering
Sjå teikning!
Merknad
Konserten er under produksjon.
Lenker
Arrangørar
Arrangert av:
Møre og Romsdal fylkeskommune
Produsent
Lene T.Mordal, Møre og Romsdal fylkeskommune.
lene.mordal@mrfylke.no, tlf. 71 28 03 22 / 482 964 853
Medverkande
  • Beate Mordal (Song)
  • Odd Sonntag (Fiolin)
  • Nils Klöfver (Gitar)