Møre og Romsdal fylkeskommune
Postadresse: Postboks 2500, 6404 Molde
Besøksadresse: Fylkeshuset, Kulturavdelinga, 6404 Molde
Badboy: Steroid
Produksjonsliste
Program

Badboy: Steroid

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Boka Badboy: Steroid er basert på samtalar med unge gutar som bruker anabole steroider.


Med utgangspunkt i romanen har Annette Münch i samarbeid med rapperane Erik og Kriss laga ein multimedia-produksjon som passar for DKS både på ungdomsskulen og VGS, med fokus på kroppspress og anabole steroider. Kva gjer at nokon vel å ty til medikament for å få drømmekroppen?

Lærarrettleiing

Forbered elevane

Fortell at ein forfatter skal kome. Vær entusiastisk, det smittar over på elevane! Utøvar har lagt ut informasjon om Badboy: Steroid her som elevane eventuelt kan lese i forkant. Send elevane linker om boka eller kroppspress, la dei bruke nokre minutt til å klikke seg rundt og lese. Kanskje vil de lese eit utdrag fra Badboy: Steroid høgt i klassen? Det er heilt opp til dykk.

Tematikken i Badboy: Steroid er alvorlig, og inkluderer lesing av avsnitt om sprøyter, truslar og vold. Informer veldig gjerne elevane om dette i forkant, slik at dei som trur dette kan bli for tøft for dei, har anledning til å å forberede seg mentalt – eller kan sleppe å delta.


Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Annette Münch
  • Idé/ opplegg: Produksjonen er ein kombinasjon av høgtlesing av forfattaren i kombinasjon med lydeffektar og svart-kvitt-bilder, fire fengande musikkvideoar, intervju med gutar som brukar steroider (på film) og intervju med ansatt i Antidoping Norge. I tillegg får alle elevane laste ned halve boka rett på mobilen via ei gratis SMS-teneste.


Om kunstnar / utøvar / gruppe

Annette Münch (født 10. januar 1981 i Oslo) er en norsk magasinredaktør og ungdomsbokforfatter.

Ho er ein aktiv foredragsholder, og har holdt rundt fire hundre foredrag på skular, bibliotek, litteraturfestivalar, fengsel, treningssenter, litteraturhus, institusjonar og foreninger over heile landet, ofte gjennom Den Kulturelle Skolesekken.


Medverkande

  • Annette Münch
  • Annette Münch (Utøvar)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Litteratur
Trinn: 9 - VG3
Praktisk informasjon
Kontaktperson utøvar
Annette Mûnch
Programlengde
55
Maks publikumsantal
400
Arena / rom
Alle typer rom hvis tekniske krav kan etterkomast, men helst kulturhus.
Berehjelp
0
Anna utstyr
Utøvar har med ein Mac med overgang til VGA og HDMI, og treng prosjektor, lerret og høgttalerar. Er det fleire enn ei klasse til stede, er det nødvendig med “mygg” ettersom det blir spelt av bakgrunnslyd når ho les. Slik er vi sikre på at alle elevane hører godt.
I tillegg treng utøvar ein høg stol/krakk å sitte på ved sida av Mac-en mens ho les.
Oppriggingstid
10 min.
Nedriggingstid
2 min.
Sitjeplassar
0-400
Merknad om publikumsplassering
I stor sal bør dei fremste radene fyllast opp først, ellers er det ikkje viktig kvar elevene sitt.
Merknad for spelestad
Det er fint med litt blending slik at filmen på lerretet blir tydelig, men det treng ikkje være heilt mørkt. Utøvar må også kunne lese fra boka.
Arrangørar
Arrangert av:
Møre og Romsdal fylkeskommune
Medverkande
  • Annette Münch (Utøvar)